22. februar, 2008 – 15:47
Pulling Mussels (From the Shell) med Squeeze. Ein power pop-slager frå 1979. Bør volast hardt, gjerne i bilen på veg heim. Låten er å finne på albumet med den velklingande tittelen Argybargy, og er, som sagt, ein slager.
boomp3.com
16. februar, 2008 – 13:24
I går vart det stadfesta at The Brian Jonestown Massacre kjem til Hovefestivalen.
15. februar, 2008 – 20:41
Indierock og afrikanske rytmer i passeleg blanding utgjer ein humørfylt mix på denne låta, som innleier helga på ufjelg.org:
Dagens poptekst er frå Daft Punk sin superhit Around the world:
Around the world, around the world
Around the world, around the world
Around the world, around the world
Around the world, around the world
Deler av programmet til samtidsmusikkfestivalen Borealis er på plass og det er klart at sjølvsaste Mike Patton (tidl. Faith No More) skal opptre saman med trekkspel-, gitar-, banjo- og fløytevirtuosen Stian Carstensen (feks. Farmers Market, Banjovi). Framsyninga er på Landmark tysdag 26. februar.
31. desember, 2007 – 19:16
Biletet er teke på Beduinrock-festivalen i Middelalderparken i hovudstaden av ein som heiter Eirik. Kor vidt det oppsummerar året som har gått får vere opp til andre å vurdere. Bandet heiter Tinariwen.
10. desember, 2007 – 18:46
Etter at dei la opp i 1980 har ikkje Led Zeppelin spelt meir enn eit par (omlag 2) konsertar. I kveld spelar dei ein konsert til minne om tidlegare direktør i Atlantic Records, Ahmet Ertegün. Interessa før denne konserten har vore enorm og no går rykta om ein turné til neste år. Frank Nes, du [...]
4. november, 2007 – 21:45
Det er ikkje berre Radiohead som går nye vegar for å gje ut musikken sin. Saul Williams sel siste plata si, The Rise and Fall of Niggy Tardust, via nettet for ein pris som kjøparen sjølv kan velje - også gratis. Som om ikkje dette var nok: Ein kan velje mellom tre kvalitetar 192 kbps, [...]
3. november, 2007 – 19:35
Rydd stovegolvet, her er ein sleger frå 1966 som får det til å krible langt ned i rockefoten.