Helgelyd veke 37

Ei plate som har fått mykje god omtale av ymse kritikarar i haust, er You & me med gruppa The Walkmen. No då eg har høyrd intensivt på ho ei stund, kan ikkje ikkje anna enn å vere samd med desse. Songen In the new year tykkjer eg særleg godt om. God helg godtfolk.

Lyd

Gjensyn med Twin Peaks på Tv2

I kveld 23.40 sender Tv2 første episode av den legendariske fjernsyns-serien Twin Peaks. Det blir eit deilig gjensyn med tidenes skumlaste serie og eit fantastisk persongalleri. Pete Martell finn liket av Laura Palmer, Ronette Pulaski blir funne skamslått og FBI-agent Dale Cooper kjem til Twin Peaks, i ein episode som er av dei absolutt betre i serien.

Moderne femkamp

21. og 22. august går OL-konkurransane i moderne femkamp av stabelen. Det skal konkurrerast i 10 m luftpistol, fekting med korde (ikkje sabel, nei), 200 m fristilsymjing, sprangridning med ukjent hest og 3 km terrengløp. Ifølge Wikipedia vart konkurransen konstruert av baron Pierre de Coubertin og den har som mål å simulere erfaringane til ein kavalerist på 1800-talet.

I herreklassen er verdsmeister av året Ilya Frolov ein av dei store favorittane. Det er også knytt stor spenning til om vinnaren frå Athen, Andrei Moiseev, vil klare å gjenta bragden frå 2004. På spinnesida er det store forhåpningar til om den egyptiske verdscupvinnaren frå i fjor, 20 år gamle Aya Medany, kan hamle opp med verdsmeisteren dei siste to åra, franske Amelia Caze.

Hey hey, my my

Konsertar med Neil Young nærmar seg. Nokon heldige skal avgarde for å sjå han allereie i morgon, medan andre må vente heilt til den 26. Her er ein smakebit.

Return of the Telefonselger

Etter ein fantastisk sommarferie er det på nytt kvardagen som rår. Den held stort sett eit høgt nivå, krydra med enkelte høgdepunkt. Å verte oppringt av ein telefonselgar representerar definitivt eit slikt høgdepunkt. Etter at eg starta med min strategi å aldri avslutte ein samtale med ein telefonselgar har det dessverre vorte stadig sjeldnare at dei ringer. Men her ein dag måtte eg ta telefonen for mi kone (!) då ho var travelt oppteken med å køyre bil. Til mi store glede var det Krisfoffer frå Norsk Helsekost AS som ringte. Samtalen gjekk omtrent som følger:
Les meir »

Kven er dette?

Ein gong ei stjerne

Mannen var skodis i ung alder.

Hint: Han spelte i svenske filmar på tidleg syttital som var baserte på bøker av ein kjend svensk forfattar.

Helgelyd veke 28

Robyn Hitchcock syng Dylan akkopagnert av Gillian Welch og David Rawlings. Meir talent går det ikkje å samle i ei setning. Trying to get to heaven before they close the door.

Høyanger-homo fiffar opp travsporten

http://www.firda.no/nyhende/kultur/article3644301.ece

I sommar skal dei fire homsene vere med i innspelinga av ein serie, med namn “Pimp my sulky”. Målet er at serien skal sendast på tv til hausen. Men det er enno ikkje skrevet nokon kontrakt.

Helgelyd - Festivalutgåva

Favorittrockebandet vårt Ungdomskulen spelte opp på årets Hovefestival og NRK Lydverket fekk bandet til å stille opp på ein akustisk campingkonsert. Låten er Modern Drummer.

Honnør (kudos) til statskanalen som endeleg har skjønt korleis film kan publiserast på web.