Merkelapparkiv: internett

Ein fugl på taket…

Sesongens første tjeld er komen til verda på taket ein stad på Universitetet i Bergen og med moderne teknologi kan vi følgje dagleglivet direkte. Dersom dette gav meirsmak, så dukka også havørna opp på webkamera idag.

Spotify

Berre så det er sagt: Er du det spor interessert i musikk og ikkje er på Spotify, så er du heilt ute. Fullstendig ute. Spotify er, som Egon Holstad ville sagt, det beste sidan oppskjært brød. Eigentleg er det ei usannsynleg kjapp streaming-teneste med eit utval som overgår sjølv den mest ihuga mp3-samlar sin kolleksjon. […]