Posts Tagged ‘web2.0’

Spotify

torsdag, desember 18th, 2008

Berre så det er sagt: Er du det spor interessert i musikk og ikkje er på Spotify, så er du heilt ute. Fullstendig ute. Spotify er, som Egon Holstad ville sagt, det beste sidan oppskjært brød. Eigentleg er det ei usannsynleg kjapp streaming-teneste med eit utval som overgår sjølv den mest ihuga mp3-samlar sin kolleksjon.

Om du ikkje har lyst å betale 99 bols/mnd, må du ha ein invitasjon for å få tilgang. I skrivande stund har eg to stk att og eg er så storsinna i desse juletider at eg rett og slett donerer dei bort til den første, og den andre, som melder seg (det er altså det såkalla "første mann til mølla-prinsippet" som gjeld).