Månadleg arkiv: desember 2007

Godt nyttår!

Biletet er teke på Beduinrock-festivalen i Middelalderparken i hovudstaden av ein som heiter Eirik. Kor vidt det oppsummerar året som har gått får vere opp til andre å vurdere. Bandet heiter Tinariwen.

Go Lance!

Det er kjekt å sjå at ein ikkje er åleine i si overtyding. Eg voks opp i ei tid då ninjastjernene stod i veggen, og eg og Tøggy laga nunchako på sløyden. Dei beste dataspela var Yie are Kung fu, International karate og The last ninja. Ralph Machio og Bruce Lee var filosofane som viste […]

Dei beste platene i 2007

No då 2007 går mot historiebøkene, er det naurleg å oppsumere musikkåret. Dette er dei beste platene frå året som har gått:

Klappeland

Den siste KNAXianar

Denne veka er det slutten for KNAX i Sparebanken Sogn og Fjordane. Har du sparebøsse eller merkehefte må du straks springe til næraste filial, elles går kronestykkene dine frå barndomen med i Terra-dragsuget. Dette barnekonseptet har vore der sidan eg var liten, men heretter vert det altså Kongleriket. Mange fine metaforar for sparing i floraen, […]

Pest og kolera

NRK P2 kutter pop og rock fra spillelistene, og pop-programmene fra sendeflaten. Nå skal det bli mer musicals og viser i kulturkanalen. Då eg las dette trudde eg det var ein spøk, men det er ikkje ifølgje Dagsavisen si nettutgåve. Einaste løysinga, slik eg ser det, er å trøste seg med P. I. L. S. […]

Verdas beste band står på scena i kveld

Etter at dei la opp i 1980 har ikkje Led Zeppelin spelt meir enn eit par (omlag 2) konsertar. I kveld spelar dei ein konsert til minne om tidlegare direktør i Atlantic Records, Ahmet Ertegün. Interessa før denne konserten har vore enorm og no går rykta om ein turné til neste år. Frank Nes, du […]

Twin Peaks

Etter merkeleg lang tid er endeleg heile Twin Peaks klar på DVD, i ein boks med ti plater og tredve episodar. Den fullstendig nyskapande serien frå frå 1990-91 er genial på sitt beste, men tar dessverre av i alt for mange retningar etter kvart. Den burde nok ha vore komprimert til halv storleik. Uansett er […]