Månadleg arkiv: mars 2008

Helgelyd veke 13

Inspirert av Lydverket onsdag har vi gleda av å presentere klassisk hard-rock frå 70-talet: Deep Purple og tittelsporet frå plata Burn utgjeven i 1974. David Coverdale har overteke mikrofonen frå Ian Gillan og han tek jobben på alvor. Skru opp volumet!

Drøy kost

Ingeniørfirmaet Aibel har laga ein låt. Kva målet med den er, er ikkje lett å forstå, men stikkord kan vere synergieffektar, kravspesifikasjon, kundefokus og kjernekompetanse. Det er så pinleg at det er vanskeleg å sitte i ro på stolen. Larry David kunne ikkje gjort det betre. Statsoljeselskapet har sjølvsagt mykje meir pengar og har tatt […]

Ordspel

Sjølv om konkurransen er knivskarp, må vel dette komme høgt opp på lista over dårlege ordspel.

Lurt av russiske damer

Det blir sagt at det er mange vegar til Rom, men jammen er det mange vegar til Ufjelg også. Den seinaste tida har trafikken her på sida vore rekordstor. Ein god del besøkande er nok gamle kjende, men ein rask kikk på statistikken tyder på at nokre kan ha hamna her på slump. Eg har […]

Helgelyd, veke 11

John Prine er ein mann ein høyrer lite om sjølv om han er av dei flinkaste låtskrivarane vi har. Han har gitt ut ein haug med plater etter debuten i 1971. My darlin' hometown er frå den svært så habile Fair and square, som kom i 2005. God påske!

Lausriv! Lausriv! Trur eg..

Litt seint, men greit nok. I avisa BA i Bergen er det no ein debatt om sentralmakta i Oslo versus Bergen/Hordaland/Vestlandet. Folk vestpå er lei av at vanstyre frå austlendingar skal gå ut over oss her vest. Det er kome fram at Vestlandet skaper 70% av verdiane, men får att 28% i overføringar. Frank Aarerot […]

Dokumentarfilm, andre del

Det vart litt mykje mykje krig og USA-kritikk sist, så i denne bunken har musikkdokumentarane og biografiane fått større plass. Men det er ikkje fritt for at det er ein del elende her òg. Her er andre del i min triologi om dokumentarfilm.

Kulturnytt frå nord

Her er noko av det som skjer på kulturfronten her i Hammerfest i helga. Dette blir nok stygt.

Helgelyd #4

Kva er vel betre enn å innleie helga med ein indie-hit frå det glade 90-tal? Ladies and gents, Sirkus Ufjelg presenterer Sebadoh med "gladlåta" On fire.

Treningstips

Beach 2008 nærmar seg deff-initivt (applaus for ordspelet!). For oss strandløver er det to alternativ: 1. Byggje opp ny muskelmasse. 2. Avdekkje gamal muskelmasse.