Månadleg arkiv: mars 2009

KISS

Har alltid tenkt at eg var akkurat litt for ung til å få med meg dette musikalske fenomenet på 80-talet. Derfor artig å få titta litt på kva dette var for noko. I will never go to school Litt meir prog enn eg hadde trudd..

Bisexual

Ungdomskulen si andre plate heiter Bisexual og vert gjeve ut ein av dei nærmaste dagane. Om du er utolmodig, eller slutta å kjøpe plater, kan du høyre heile driten på Myspace. Noko seier meg at den også er å få kjøpt på iTunes.

Er Førde eit vegkryss?

Kom eg over denne diskusjonen på førstesida til Vg-nett i dag. Ikkje kvar dag ein får oppleve at heimbyen blir diskutert på ein såpass avglamouriserande måte. Men som Mikey01 så treffande seier: Endelig en tråd vi kan diskutere dette!