Forfattararkiv: Proletaren

Frå samfunnsmedviten borgar til sjuk sjuk sjuk kikkar

Desse skattelistene har aldri brydd meg noko nemneverdig. Eg har registrert at nok ein gong vel ein del høgt profilerte eller velståande personar å bidra oppsiktsvekkjande lite til felleskapen. Eg har fått med meg at Sigurd Rushfeld har lagt seg opp litt etter nokre år i utlandet. Greit nok. Og så tenkt eg ikkje meir […]

Bås

Band og artistar og musikken deira vert stadig sett i ulike kategoriar, men det er ikkje alltid at det er så lett for potensielle kjøparar å bli klok på dei stadig nye båsane. På Gardermoen låg Gøteborgs-Posten der dei melde ein del nye plater i for meg nye musikk-kategoriar. Eg nemner i fleng: indiehiphop, synt-funk, […]

Umulige Tyskland, neppe Japan

Det er mogleg eg slår inn opne låvedører, men: Sky blue sky-plata til Wilco er superfin. Tenkte berre å nemne det her eg sit i solsteiken og har frihelg framføre.

Hopalong, hopalong yah!

Førre helg tok eg ein etterlengta tur til Tigerstaden, og jammen snurre var det ikkje konsert med det trønderske ska-bandet Hopalong Knut på Rockefeller på laurdagskvelden! Ai ai ai, for ei lukke!

Meld!

Eg synest å hugse at det var ein del av denne sida sine flotte bidragsytarar som hadde tenkt seg på Sufjan Stevens-konserten som var i Oslo for ei stund sida. Var det ingen som gjekk på konserten? Selde dei billettane? Eller har dei gløymd å skrive ei melding på Doktor Munk?

Alt. Christmas

Det har dumpa ned eit par juleplater i postkassa mi. Det er Amiee Mann si "One more drifter in the snow", stort sett julecoverlåtar i kjend Mann-stil. Og Sufjan Stevens "Presents songs for Christmas", ein forundringspakke med 5 cd-ar med opptak av julesongar gjort frå 2001-2006. Her er både klassikarar i ny drakt og heimesnikra […]

I høve den gode responsen..

.. vil eg nemne at det er kanelbullens dag i dag! Bak deg ein bolle og tenk på kor fattig verda hadde vore utan herlige doktor munk.

Sufjan Stevens i Oslo

Den ikkje ukjende Sufjan Stevens gjestar Sentrum Scene tysdag 14. november. Til dei som har høve til å ta turen: møt opp! "Come on feel the Illinoise" var fjorårets beste plate, og det er ikkje berre eg som meiner det..

Skild ved fødselen

Etter å ha sett eit bilete av president i Norges fotballforbund, Sondre Kåfjord, er det ikkje lenger tvil - han må vere tvillingbroren til Keisar Palpatine frå Star Wars. Pass på, han kjem nok ikkje til å nøye seg med tittelen president så lengje, snart vert han fotballkeisaren av Noreg.

Comeback for Atomic Swing

Atomic Swing var store på nittitalet og debutalbumet "A car crash in the blue" frå 1993 selde 90 000 i Sverige. No er dei tilbake utan at eg har fått det med meg. Er informasjonsstraumen om sumaren heilt tørr, eller er ikkje dette stoff for aviser og radio? Dei har i allefall sluppe eit nytt […]