Kategoriarkiv: Helgelyd

Helgelyd på frigjeringsdagen

Camera Obscura er eit band som til no har unngått ufjelg-radaren sjølv om minst ein (meg) av dei som skriv i bloggen hadde stor glede av det førre albumet. No er skottane ute med ny plate, og eg er framleis positiv. Dette er lettbeint, upretensiøs og innsmigrande popmusikk med fin ungpikevokal. Ikkje overvettes originalt, men […]

Helgelyd veke 37

Ei plate som har fått mykje god omtale av ymse kritikarar i haust, er You & me med gruppa The Walkmen. No då eg har høyrd intensivt på ho ei stund, kan ikkje ikkje anna enn å vere samd med desse. Songen In the new year tykkjer eg særleg godt om. God helg godtfolk.

Lyd

Helgelyd veke 28

Robyn Hitchcock syng Dylan akkopagnert av Gillian Welch og David Rawlings. Meir talent går det ikkje å samle i ei setning. Trying to get to heaven before they close the door.

Helgelyd – Festivalutgåva

Favorittrockebandet vårt Ungdomskulen spelte opp på årets Hovefestival og NRK Lydverket fekk bandet til å stille opp på ein akustisk campingkonsert. Låten er Modern Drummer. Honnør (kudos) til statskanalen som endeleg har skjønt korleis film kan publiserast på web.

Helgelyd veke 23

Denne gongen skal vi attende til sommaren 2005. Den sommaren då der berre eksisterte ei einaste plate. Plata er sjølvsagt Hal sin sjølvtitulerte debut, og vi har gleda av å servere meisterverket I sat down.

Helgelyd veke 22

Berre eitt år er gått sidan den glitrande The stage names, men gledeleg nok kjem Okkervil river med ein oppølgjar allereie i september i år. Plata skal heite The stand ins og inneheld låtmateriale som stammar frå same tid som det på den førre. For å feire nyhenda, serverer vi eit gjenhøyr med Plus ones […]

Helgelyd veke 21

Noregsaktuelle Bonnie 'Prince' Billy er ute med ny plate. På Lie down in the light er han framleis sår, skranglete og vindskeiv. Men kanskje anar vi eit lys i enden av tunellen. Her: You want that picture.

Helgelyd veke 20

Den fullstendig ukjende Funkee Homosapien-fraksjonen i Ufjelgs helgelydredaksjon har denne gangen gleda av å presentere Aesop Rock sin sleger None shall pass frå albumet med same namn. På albumet gjestar bl. a. John Darnielle frå The Mountain Goats.

Helgelyd veke 19

Vekelåta kjem frå svenske Vapnet og plata Jag vet hur man väntar. Den er ei samling med små pop-perler som passar fint til solskinet og årstida. Her får du Prästgatan, som med sine tydelege Belle & Sebastian - referansar er representativ for stemninga på plata. Ha ei fin helg!