Kategoriarkiv: IT og samfunn

La oss ta fyrstesideoppslaget!

Har de sett den nye videoen til Spice Girls? Ai ai ai. Nittitalets fjortisheltar er attende. Tobarnsmor Victoria og gjengen ålar seg lettkledd rundt i eit mørkt og tungt møblert rom. Ein slags cross-over av drapsåstad frå The Linley Mysteries og ein pornofilm. Det sjukt, men samtidig må eg berre le. Moralen er i fritt […]

Values and democracy

Sjølv om det førebels berre er 13 som har røysta på spørjeundersøkinga til høgre her på sida, må eg seie at eg finn resultata oppsiktsvekkjande! At fleirtalet ønskjer å surfe på internett i eit liv utan mosjon, musikk eller alkohol? Vel, det vert jo ikkje så mykje mosjon framføre pc-en, men kva skal ein surfe […]

Frå samfunnsmedviten borgar til sjuk sjuk sjuk kikkar

Desse skattelistene har aldri brydd meg noko nemneverdig. Eg har registrert at nok ein gong vel ein del høgt profilerte eller velståande personar å bidra oppsiktsvekkjande lite til felleskapen. Eg har fått med meg at Sigurd Rushfeld har lagt seg opp litt etter nokre år i utlandet. Greit nok. Og så tenkt eg ikkje meir […]

Organisasjonskart

Nesodden kommune presenterar følgjande innfløkte organisasjonskart for bustadavdelinga. Lenkje

– Kjæresten min er kommunist

Eg har ikkje for vane å lese debattsidene på vg.no (aallaaaarm!), og eg oppfordrar heller ikkje til å gjere det, men dette er for fantastisk til å la passere: Kjæresten min er kommunist Godt mulig det er ein spøk, men god er den i så fall.

P1

Det kan til tider vere kjekt å høyre på radio, til dømes i arbeidssituasjon. Men det er ikkje alltid ein er like samd i musikken som vert spela. Då kan du når du har tid setje deg ned framfor PC-en og leite litt i arkivet og høyre på mykje fint. Eg veit jo at ein […]

Trendar

Eg har lenge interessert meg for trendforsking og vi har no fått eit uvurderleg hjelpemiddel i dette noko tidkrevande arbeidet: Google har nemleg lansert Google Trends. I ei lita analyse kom eg fram til følgjande oppsiktsvekkjande resultat: Rock er meir pop enn pop. Sjå sjølv.

Dagens disclaimer

Det er mykje ansvarsfråskriving for tida, og dette er nok mest utbreidd i USA. Men ein dag eg var på arbeid på bakeriet og skulle opne ein sekk sukker frå Danisco fann eg denne beskjeden bak på sekken: Produsert i Sverige eller Danmark. Dersom nokon skulle klage er det altså berre å skulde på nabolandet. […]

Omsetjing

Eg plukka fram ei plate med 70-tals psykideliarock og her er money i ny språkdrakt: pengar pengar, hu hei få deg jobb med bra løn og du er okei pengar gi gass ta til deg det du kan og putt dei i di madrass ny bil, god stil, lykke med opsjon eg trur eg kjøper […]

Fotball

Fotballinteresserte kan ta turen over til ufjelg.org/tipping for å delta i ein uformell tippeleik. Alle er hjartleg velkomne.