Merkelapparkiv: ungdomskulen

Bisexual

Ungdomskulen si andre plate heiter Bisexual og vert gjeve ut ein av dei nærmaste dagane. Om du er utolmodig, eller slutta å kjøpe plater, kan du høyre heile driten på Myspace. Noko seier meg at den også er å få kjøpt på iTunes.

Helgelyd – Festivalutgåva

Favorittrockebandet vårt Ungdomskulen spelte opp på årets Hovefestival og NRK Lydverket fekk bandet til å stille opp på ein akustisk campingkonsert. Låten er Modern Drummer. Honnør (kudos) til statskanalen som endeleg har skjønt korleis film kan publiserast på web.

Prisar skulen

Det for ein del ufjelglesarar ikkje heilt ukjende bandet Ungdomskulen stakk i går av med RiksAlarmprisen under Alarmpris-utdelinga på Sentrum Scene i Oslo. I prisen inngår turné i Noreg, øvingsfasilitetar før turnéen og showcase på By:Larm i Oslo. Prisen er eit samarbeid mellom Alarmprisen og Rikskonsertane og vinnaren vert plukka ut av ein fagjury. Eg […]

Bås

Band og artistar og musikken deira vert stadig sett i ulike kategoriar, men det er ikkje alltid at det er så lett for potensielle kjøparar å bli klok på dei stadig nye båsane. På Gardermoen låg Gøteborgs-Posten der dei melde ein del nye plater i for meg nye musikk-kategoriar. Eg nemner i fleng: indiehiphop, synt-funk, […]

No Secret Riffs in the Pocket

Ufjelg-favorittane Ungdomskulen lanserer debutalbumet sitt Cry Baby 8. oktober på etiketten Ever Records, eit underbruk av den meir kjende K7. Smakebitar, Spaghetti Bolognese-dokumentar(!) samt gratis mp3 finst på ei side hjå Ever Records.

Platetips

For dei som er så heldige å ha ein platespelar tilgjengeleg, kan dei tre sjutommarane (som er same format som ein single) frå rockarane i Ungdomskulen anbefalast på det sterkaste. Platene kan bl.a. kjøpast hjå Apollon i Bergen og på nettstaden med snedige namnet Shitfuckyou. Prisen er kr 50 pr stk. Pålitelege rykte kan fortelje […]