Brukarrettleiing

Sidan vi har skifta til nytt publiseringssystem på Doktor Munk, har vi laga ei lita rettleiing som kanskje kan vere med på å gjere det lettare å skrive nye innlegg og kommentarar. Kom gjerne med kommentarar til rettleiinga, feks. manglar og uklare ting.

Registrering
For å skrive nye innlegg må ein vere registrert brukar. Klikk på Registrer i menyen til venstre. Du vil då få opp eit nytt vindu og blir bedt om å skrive inn brukarnamn og epostadresse. Brukarnamnet er det du vil logge på med, men ikkje nødvendigvis det som vil vise på posta innlegg og kommentarar (dette kan du spesifisere seinare). Epostadressa må vere gyldig sidan du vil motta eit midlertidig passord på epost. Etter å motteke epost med passord, kan du logge inn frå sida du ender opp på etter å ha klikka Registrer, eller frå framsida .

Etter å ha logga inn, vil du få opp det som på fint heiter Dashboardet. Det meste som står på den sida kan du sjå bort frå, bortsett frå menyvala heilt øvst. Under Brukarar kan du endre passord til eit som passar deg betre, samt legge inn personleg informasjon som namn, evt. nettside og snøggmeldings-ID (MSN/ICQ o.l.). Klikk på Oppdater profil etter å ha gjort endringar.

For å ta ein nærare kikk på framsida kan du klikke Vis sida, heilt øvst. For å gå attende er det berre å klikke Administrasjonspanel i menyen til venstre.

Logge inn
Etter at du er registrert, er innlogging barnemat. Klikk på Logg inn i menyen til venstre og skriv inn brukarnamn og passord i skjemaet som kjem opp.

Nytt innlegg
For å skrive eit nytt innlegg må ein vere registrert og logga inn, som forklart over. Dersom du er på Dashbordet er det berre å klikke Skriv, er du på framsida eller liknande, må du først klikke Administrasjonspanel i menyen til venstre.

Etter å ha klikka Skriv, får du opp ei side som viser tittelfelt og hovuddelen til innlegget. Her er det berre å fylle inn slik du måtte ønskje.
Du kan lagre innlegget i Kategoriar, default er Blogg. Dersom du meinar at innlegget høyrer heime ein annan stad, endrar du markeringa slik du meinar høver.

Tidspunkt for publisering finn du ved å klikke på Avansert redigeringog Rediger tidspunkt. Hugs å krysse av på Rediger datostempel.

For å endre formatering i delar av postinga, kan du bruke dei såkalla Hurtigtaggane som viser til høgre over den største tekstboksen. Klikk på lenka Hurtigtaggar for å få ei forklaring på kva dei ulike kodane tyder. Dei viktigaste:

  • For å gjere tekst om til kursiv: Merk teksten som skal endrast og klikk i. For utheva, bruk b
  • For å setje inn lenke: Skriv først inn ordet som skal klikkast (altså sjølve lenka), merk det, klikk på link og skriv inn URLen til nettsida som skal lenkast. Teksten skal likne på dette:
  • For å lage ei fin punktliste som eg har laga her: Klikk først ul for å indikere at ei liste startar, klikk li
  • der første punkt startar og li ein gong til for å avslutte punktet. Når du har laga nok punkt, avsluttar du lista ved å klikke ul.

  • Dersom du ønskjer å vise berre ein del av innlegget og at resten kan visast ved å klikke les meir, klikk på knappen more der du ønskjer å dele innlegget.

Klikk på ein av lagre-knappane under hovud-tekstboksen eller Publiser for å avslutte og lagre innlegget.

Rediger innlegg
Klikk på Rediger i Dashbordet for å redigere dei tidlegare innlegga dine. Klikk på ein av lagre-knappane under hovud-tekstboksen eller Publiser for å avslutte og lagre det redigerte innlegget.

Legge til bilete
Her kjem informasjon om korleis ein kan leggje bilete til i innlegg.

Sjå også