Månadleg arkiv: juli 2006

Røvarkjøp

Kvarteret held på å planlegge haustprogrammet, og noko av det første som dukkar opp er eit realt røvarkjøp: Serena Maneesh den 19. august til 30 bols. Det er rett og slett rasande billeg.

Litt nydeleg country kan vel ikkje skade?

Tellusalie har gitt ut ny plate og deler ut eit par låtar til glede for nye og gamle lyttarar på http://www.myspace.com/tellusalie. Takkskaldeha! Dette er forsyne meg noko av det vakraste på lang tid, og skal du bruke hardt oppsparte grunkar på ei ordentleg cd-plate i sommar må det nok bli denne.

Søtt

Trio Søt spelar Motorpsycho sine låtar på nynorsk på Collets cafe i hovudstaden onsdag 16. august. Det skulle eg gjerne fått med meg...

Syd Barrett er død.

Pink Floyd sin frontfigur og låtskrivar fram til 1968, Syd Barrett døydde fredag i heimen sin. Han vart 60 år gamal.