Månadleg arkiv: september 2006

Jehova!

Det har etterkvart blitt lenge mellom kvar gong det ringer ein telefonselgar til meg, men i føremiddag fekk eg ei ny utfordring i same sjanger. Det kom nemleg to damer på døra som lurte på om eg var interessert i å diskutere evolusjonsteori. Snakk om å ringe på riktig dør! Det viste seg ganske raskt […]

heia tufte 2

Minner om at heia tufte 2 har sesong premiere i kveld. Klokka 2030. Det blir ganske morsomt trur eg:)

Spooky shit

Organisasjonskart

Nesodden kommune presenterar følgjande innfløkte organisasjonskart for bustadavdelinga. Lenkje

Skatet til jobben – fekk sparken (på SMS)

Ein skal lese mykje rart som det heiter. Julie på tjueto år fekk sparken frå SFO i Porsgrunn fordi ho nytta seg av skateboard som framkomstmiddel, kan vi lese i Dagbladet på nett. Sjefen på SFO understrekar at dei var nøgde med jobben ho gjorde, men dei beslutta altså likevel å sende ho ein SMS […]

Egg – løysinga

Dersom det finst eksil-førdianarar som lurer på korleis det går med bygginga av gangbrua i Førde, er det berre å sjå her. Denne førebelse løysinga er det beste av dei alternativa eg har sett til no.

Sjukemelding

Nokon som veit noko om dette? Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad er sjukmeld ei veke. Legen hennar har konstatert hjerneristing. I ei pressemelding frå Helse- og omsorgsdepartementet heiter det at Brustad slo seg i helga. Det er ikkje kjent kva som skjedde. Doktor Leiv?

– Kjæresten min er kommunist

Eg har ikkje for vane å lese debattsidene på vg.no (aallaaaarm!), og eg oppfordrar heller ikkje til å gjere det, men dette er for fantastisk til å la passere: Kjæresten min er kommunist Godt mulig det er ein spøk, men god er den i så fall.

Det gjekk som det måtte gå

Eg er nok ikkje den einaste som har brukt ein del søndagar på sofaen for å sjå Steve Irwin herje med krokodillar og andre skumle dyr. Han hadde ei fascinerande nonchenlant haldning til livsfare, og eg er difor ikkje særleg overraska over at ein representant for dyreriket no har fått siste stikk (bokstavleg tala). Les […]