Audioscrobbler – something like a phenomenon

Dei siste vekene har eg kosa meg mykje over og med den fabelaktige tenesta Audioscrobbler (www.audioscrobbler.com). Dette er ei teneste som vha. eit lite innstikk (plugin) til musikkavspelingsprogrammet, registrerer kva musikk du spelar på pcen og lagrar statistikk over dette. Vel og bra, men som regel er det enkelt å ha kontroll på kva ein spelar. Det som er det fabelaktige med Audioscrobbler er at den, basert på den musikalske profilen din, finn "naboar" som har ein musikksmak tilsvarande din. Dette gjev uante moglegheiter for å oppdage ny og ukjent musikk.

Når ein vert hakket meir avansert kan ein melde seg inn i ei gruppe. Det finst tusenvis av grupper og ikkje alle er like spennande, men sjansane for at ein finn ei passande er absolutt til stades. Har du t.d. ei ekstrem interesse for irske drikkeviser, tvilar eg ikkje på at det finst ei gruppe for det. Eg har laga ei gruppe som er tenkt for Doktor Munk-lesarar t.d., som heiter Proper pop (http://www.audioscrobbler.com/group/Proper+pop). Når vi er 10 stk. vert det generert statistikk, så hiv deg rundt, skaff deg ein brukar og meld deg inn i gruppa!

For å bruke Audioscrobbler må ein først registrere seg og deretter installere eit innstikk til musikkprogrammet (t.d. Winamp, Windows Media Player, iTunes, XMMS el. likn.). Deretter fiksar IT resten. Alt dette finn du ut av på www.audioscrobbler.com.

Min profil: http://www.audioscrobbler.com/user/bistrototal/

OPPDATERING: Proper pop har no heile fire medlemmar. Då manglar vi berre 6 på å få generert statistikk! Kom 'an!

Sjå også

Ein kommentar

  1. hvrd
    Posted 8. juli, 2005 at 14:41 | Permalink

    Wikipedia forklarar dette veldig fint: http://en.wikipedia.org/wiki/Audioscrobbler