Månadleg arkiv: juli 2005

Kvar du enn går i li og fjell

Alle som har utfordra kroppens yteemne veit at ei gulrot i enden av den mørke tunnelen kan hjelpe - og kva er vel betre enn ein liten stram ein etter mange timars fjellvandring? På det svært aktive diskusjonsforumet Fjellforum, går det føre seg ein diskusjon om kva som er Glimrende høyfjellswhisky. Det heile begynnar med […]

Kva las du no?

Eg forsøker å orientere meg litt i samtidslitteraturen og har difor lese Jon Øystein Flink: Bort med den dagen da Jon ble født, Vidar Sundstøl: Kommandolinjer, og Morten Øen: Øyets trang til mykhet. Eg kjem ikkje til å hugse nokon av desse med glede. Tahar Ben Jelloun: Dette blendende fravær av lys, svarte heller ikkje […]

Feriepengane 2005

Denne sumaren tok eg litt på forskot, og når no feriepengane vert utbetalt, har eg alt brukt opp det meste av ferien. Eg skal som nokon veit flytte til det høge nord om ein månads tid og det går jo med litt gryn til det. Men no når kontoen var full så var det freistande […]

Spa og tyskarane sin mangel på sosial intelligens

I starten av denne veka var eg på ein familieutflukt til Loen og hotel Alexandra. Det store målet var bufeen, men møtte opp tre timar før middagen vart servert. Denne tida nytta vi i det nye badeanlegget på hotellet. Eg vart fortalt at for å kunne tiltrekkje seg (rike) turistar frå Europa var det eit must og ha eit såkalla "spa" på hotellet, og hotel Alexandra hadde difor investert 65 millinonar (!) i dette badeanlegget. For denne prisen får ein ei mengde boblebad, dusjar med program som er stilt inn på førehand (ein kan velgje mellom til dømes Tropical Rain, Summer Rain etc etc. Ein kan også velge Polar Rain, men den kan ikkje tilråast!), ulike badstutyper, osv osv. Veldig bra, men eg skjønar ikkje kvifor eg nemner alt dette. For min motivasjon for å skrive dette innlegget er nemleg noko heilt anna.