Valsiger


Ein svært spanande valkveld fekk ein lukkeleg utgang då det mest humane, sosiale, distriktsvennlege og miljøvennlege alternativet vann. Vi går lysare tider i møte.

Sjå også

10 Kommentarar

  1. korsi
    Posted 14. september, 2005 at 15:34 | Permalink

    Godt å sjå at dei fleste ligg på rette sida i verdiforankring enno. Men skremmande å sjå at så mange kan la seg lokke av populistiske utspel om avgiftsnivå og bensinprisar.
    Det er flaut å bu i det rikaste landet i verda samstundes som det 1/5 av veljarane baserer røystesetelen sin på er bensinprisen.

  2. SusieQ
    Posted 15. september, 2005 at 10:46 | Permalink

    Her må eg berre kaste inn meg inn.... gledar meg alt til responsen i dette forumet, kjenner eg.

    Talet på stemmer på den sida som ikkje vann var faktisk fleire, men slik vallova regulerer det så blir det likevel fleire mandat på den andre sida. Avhengig av geografi, etter det eg har skjønt.

    Kom gjerne med ein utgreiing om kvifor dette er rettferdig overfor den enkelte sin stemme. Eg ser det ikkje.

  3. hvrd
    Posted 15. september, 2005 at 11:29 | Permalink

    Kor har du denne informasjonen frå? Kjelder, kjelder, takk! (Eg registrerer følgjande artiklar ang temaet: http://www.dagbladet.no/nyheter/2005/09/13/443268.html http://www.dagbladet.no/nyheter/2005/09/13/443236.html )
    Eg trur du har rett i at ei stemme frå eit fylke med få innbyggjarar har meir å seie enn ei stemme frå eit fylke med mange.

    Og medan eg først er i gang: Kva er eigentleg skilnaden på miljøpolitikken som vart ført med Bondvikregjering kontra den som truleg kjem til å bli ført no?

  4. korsi
    Posted 15. september, 2005 at 11:41 | Permalink

    Det stemmer at ei røyst har ulik verdi alt etter kor i landet ho blir avgjeven. Tal på mandat vert fordelt etter ein nøkkel der både folketal og areal er med. Korleis vektinga er har eg ikkje funne fram enno.
    Men det som er minst like viktig er at det er forskjell på kor stor del av dei røysteføre som deltek i valet alt etter kor i landet ein ser. Det vil innebere at stadar med låg valdeltaking vil kvar røyst telje meir enn stadar med høg valdeltaking.
    Når ein då ser at valdeltakinga generelt er større i byar og tettbygde strok, så vil dette gjere kvar røyst i utkantstrok enno meir verdifull.
    Om dette er rettferdig eller ikkje det spørst. I grunnen burde kanskje område med høg valdeltaking bli premiert med fleire mandat.

  5. korsi
    Posted 15. september, 2005 at 11:54 | Permalink

    No har eg funne fram vallova. LOV 2002-06-28 nr 57: Lov om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven) http://www.lovdata.no/all/hl-20020628-057.html#map011

    § 11-3. Fordeling av mandatene på valgdistriktene ved stortingsvalg

    (1) Samtlige stortingsmandater skal fordeles på valgdistriktene. Fordelingen foretas av departementet hvert åttende år.

    (2) Hvert valgdistrikts fordelingstall fastsettes ved at antallet innbyggere i valgdistriktet ved nest siste årsskifte før det aktuelle stortingsvalget adderes med antall kvadratkilometer i valgdistriktet multiplisert med 1,8.

    (3) Hvert valgdistrikts fordelingstall divideres med 1 - 3 - 5 - 7 osv. De kvotienter som fremkommer, nummereres fortløpende. Representantplassene fordeles på valgdistriktene på grunnlag av de fremkomne kvotientene. Representantplass nr. 1 tilfaller det valgdistriktet som har den største kvotienten. Representantplass nr. 2 tilfaller det valgdistriktet som har den nest største kvotienten, osv. Dersom to eller flere valgdistrikter har samme kvotient, tilfaller representantplassen det valgdistriktet som har det høyeste fordelingstallet. Har de samme fordelingstall, avgjøres det ved loddtrekning hvilket valgdistrikt representantplassen skal tilfalle.

    (4) Departementet underretter Stortinget om utfallet av mandatfordelingen.

    Endret ved lover 20 juni 2003 nr. 46 (i kraft 1 juli 2003 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 715), 15 april 2005 nr. 18.

  6. SusieQ
    Posted 15. september, 2005 at 12:47 | Permalink

    Til sjuande sist er det vel ikkje snakk om matematikk. Blir ikkje klok av vallova uansett, det luktar vekting mennesker og kva verdi dei utgjer i samfunnet. Ikkje bra.

    Medan eg også først er her: Kvifor blir Frp rekna som eit borgarleg parti?

    Ser eg tok ein litt vel rask kommentar, tar det til etterretning. Kjelder skal vere med neste gong.

  7. Proletaren
    Posted 15. september, 2005 at 16:42 | Permalink

    Frp vert kalla bogarleg fram til NRK har funne eit namn og ein ein farge til den populistiske blokka.

  8. Posted 15. september, 2005 at 23:46 | Permalink

    Miljøpolitikken til AP er utvilsamt eit stort spørsmålsteikn, den er tradisjonelt nesten like svak som høgre sin. Men miljøpolitikk er noko av det som er viktigast for SV, og det er grunn til å tru at dei kan få ein del gjennomslag på dei områda som er verkeleg viktig for dei - skule og miljø. Jens Stoltenberg verkar å ha modna mykje sidan sist han var i regjeringsposisjon, då han jo var mest interessert i å privatisere i stor stil, og at han allereie torsdag ga Bush beskjed om at nok er nok for Noreg i Irak, kan tyde på at vi verkeleg vil sjå ein markert betre politikk dei neste åra.

    Statistikken viser elles at Noreg er av dei dårlegaste i klassen på miljøpolitikk: Vi forplikta oss i Kyoto til å redusere utslepp av CO2 med 5% frå 1990-nivå, men utsleppa har i staden auka med 11%. Andre land som vi likar å samanlikne oss med er i ferd med å innfri krava, inkludert industrinasjonen Storbritania. Ekspertar i FN meiner at krava i Kyoto-avtalen er alt for svake - utsleppa må reduserast med minst 60%. Då er det ganske forstemmande å sjå at miljøsinka Noreg gir blaffen. Auka i utslepp kjem i all hovudsak frå oljeindustrien og utslepp frå biltrafikk.

    Når det gjeld det andre alternativet, det såkalla borgarlege, som jo i utgangspunktet ikkje eksisterte som eit alternativ då det var uaktuelt for dei fire partia å regjere saman, kan eg berre vise til ein nettdebatt på NRK der Carl I Hagen deltok:

    Axel - Oslo: Hvorfor vil frp ha forurensene gasskrafterk? Er det god miljøpolitikk?

    Carl I Hagen: Vi vil ha gasskraftverk på samme vilkår som gjelder i andre Europeiske land slik at vi unngår høye strømpriser, samt sikrer arbeidsplasser og gir grunnlag for verdiskapning i Norge. Når 95-97 av CO2 utslipp kommer fra naturen og kun 3-5% fra menneskelig aktivitet så anser ikke vi CO2 for å være forurensning og det skulle ikke vært omfattet av forurensningsloven.

  9. Proletaren
    Posted 16. september, 2005 at 10:02 | Permalink

    På eit seminar om menneskeskapt forureining sa ein forskar frå UIB at dersom vi klarer til dømes halvparten av måla i Kyoto vil vil likevel slite med etterverknader 100 år fram i tid.

    Eit tips til verda sine leiarar: Symjeopplæring i alle land!

  10. Posted 16. september, 2005 at 10:30 | Permalink

    "Eit tips til verda sine leiarar: Symjeopplæring i alle land!"

    Det var vel dette AP gjekk til val på (dei tomme symjehallane altså..) 🙂

    ..elles er det vel ikkje noko nytt at stemmene er vekta ulikt? Fekk med meg at nøkkelen for tildeling av utjamningsmandat er ny - men ikkje sjølve vektinga.