Har fått den gode gamle spysjuka, og opplever no korleis det fungerar med den myteomspunne "eigenmeldinga". Konklusjonen er ikkje heilt klar endå, men eg har i det minste god tid til å surfe på nettet. Mellom anna kom eg over denne interessante debatten om bustadprisar. Det er godt å registrere at det er fleire enn […]
Kva med ein liten revy? Doktor Munk er registrert hjå archive.org og det er mogleg å reise tilbake i tid. Prøv desse linkane: 1 2
Eit herleg stykke humor frå Richard Dawkins si nettside. Eg siterer: there are many phenomena that cannot be explained by secular gravity alone, including such mysteries as how angels fly, how Jesus ascended into Heaven, and how Satan fell when cast out of Paradise
Med såpass slagkraftige fans kan det vel ikkje gå så galt i år:)
Som den oppvakte lesar allereie har fått med seg, har Lost Weekend-gjengen på Askøy stadfesta at Flaming Lips spelar til dans i byrjinga av august. Dei fleste festivalane er godt i gang med bookinga og det er spennande å følgje med.
Oppfordringa gjeld spesielt dei av Doktor Munk sine lesarar som bur i det nordlegaste fylket i landet. Om ein føler seg trygg veit rovdyra å utnytte det. Vonaleg kan følgjande artikkel vere med på å generere litt angst.
Ifølge avisa bt.no skal The Flaming Lips spele på årets Lost Weekend-festival. Det er noko å skrive heim om.
Medan andre skyter opp raketter og drikk champagne sit eg på sjukehuset og ventar på dei som blir truffe av rakettane og/eller drikk for mykje champagne. Til no har det ikkje kome nokre av dei sistnemnde, så eg har god tid til å lese dei første overskriftene i nettavisene i det nye året. Og Firda […]