Som den oppvakte lesar allereie har fått med seg, har Lost Weekend-gjengen på Askøy stadfesta at Flaming Lips spelar til dans i byrjinga av august. Dei fleste festivalane er godt i gang med bookinga og det er spennande å følgje med.
Den nystarta Quart-konkurrenten Hovefestivalen på Tromøya syd av Arendal har sikra seg tøffingar som Neurosis og Hatebreed og det er forhåpentlegvis ein indikasjon på at dei prøver seg på den litt hardare delen av rock & roll-musikken som vanlegvis ikkje pregar sommarfestivalane rundtomkring.
Øyafestivalen sitt program er så langt ikkje særleg sprekt, til no er bl. a. The Lionheart Brothers, Bjørn Torske, Pleasure og Shining stadfesta til Middelalderparken.
Tilliks med Øyafestivalen sitt program er også Bergenfest-programmet relativt beskjedent. Til glede for underteikna er Magnolia Electric Company klare. I tillegg kjem bl.a. Los Lobos og Marianne Faithful. Det går også eit rykte på gata om at Midlake kjem. Som vanleg kryssar vi fingrar for at nokre amerikanske countrystjerner dukkar opp - noko det heilt sikkert gjer.
16 Kommentarar
Magnolia blir kult!
Når er det Bergenfest?
26. april - 1. mai. Er du klar?
Jeg er klar for helga midt i. Blir bra det. Men de må få på plass noen flere gode navn på fredag og lørdag synes jeg. Hørt noen rykter?
Kva med Pet Shop Boys fredag?
arti. kanskje det. Husker at jeg ofte hadde plata Behaviour på øret for sikkert ca 15 år siden. Tror imidlertid jeg avventer litt med billett i fall det krasjer med noe jeg heller vil på.
Einig!
Ser at http://www.bergenfest.no har lagt ut mange navn i dag. Tenker både I'm from Barcelona og The hackensaw boys er aktuelt for meg. Andre tips?
Litt skuffande program så langt. Eg kjenner verken Barcelona eller Hakenwaw Boys, men det virka absolutt lovande. I tillegg er Gang of Four høgaktuelt, men eg ser at det ligg an til litt kollisjonar...
sjekket Gang of four nå. Høres meget bra ut. Tror den går foran H-boys.
no også of montreal klare - 1. mai, velogmerke.
sjekk forresten program for Hove-festivalen 26-30 juni. Begynner å bli veldig pent. Archade fire, Bright eyes, the hold steady, nellie mckay og mastodon, for å nevne noen.
TIl Down on the Farm: Gillian Welch (!), Big Star, The Posies, Hayseed Dixie, Grant-Lee Phillips
Kongsberg Jazzfestival: Wilco, Ornette Coleman
Holy: Gillian Welch kjem til Lost Weekend: http://www.lost-weekend.net/index.php?option=com_content&task=view&id=72&Itemid=40
Fantastisk!
Da trur eg kanskje at eg dropper Halden.
Sweet. Må på.
Eg er ikkje sikker på om eg droppar Halden, programmet der er framleis mange hakk meir interessant enn LW. Eg er òg sjeptisk til om dei 50 GW-entusiastane som kjem til å ta turen til Øyen, er nok til at det blir ei såpass interessert forsamling som det bør vere.
Som kazman påpeika pr sms kan ein nok rekne med at ho gjer nokre innomhuskonsertar ein eller annan stad i nord-europa.