Isn't life strange er eit nydeleg og relativt representativt kutt frå den nye plata til The Clientele, God save The Clientele. Dette er ein parademarsj med pop-perler i fin innpakning. The Clintele høyres ut som 60-talet på sitt mest harmlause og koselege, og bør helst nytast i seine sommartimar. Kvar enkelt song på plata er perfekt, og verd eit masterstudium i seg sjølv. Ei alvorleg innvending er at variasjonen kunne ha vore mykje større, men eg kan lett sjå gjennom fingrane mine.
-
Siste kommentarar
- jons til Produktiv type
- drleiv til Produktiv type
- hvrd til Ben Folds på Chatroulette?
- hvrd til Kven er dette?
- hvrd til Ben Folds på Chatroulette?
-
Mest populært
-
Småstoff
-
Bakom
4 Kommentarar
Eg tvilar ikkje eit sekund på at denne plata (skiva) er eit meisterverk. Førre plata var også eit meisterverk. Men er det verdt å flytte øyra frå Sky Blue Sky for å høyre på dette? Kan den vente?
Den kan vente. Sikkert ikkje lurt å flytte øyra for mykje. Eg synest delane er større enn heilskapen på God save; det fungerer ikkje heilt maksimalt å lytte til plata frå A-Å; det blir litt som å bla eit fotoalbum som er fullt med fantastisk flotte bilete av det samme motivet. Men for all del - dette er jo snakk om låtskriving av aller beste merke.
Og berre så det er sagt, ugler på coveret er eit kvalitetsstempel:
Har du fått røntgensyn, sidan du kan sjå gjennom fingrane dine, baard?