Månadleg arkiv: oktober 2007

Prisar skulen

Det for ein del ufjelglesarar ikkje heilt ukjende bandet Ungdomskulen stakk i går av med RiksAlarmprisen under Alarmpris-utdelinga på Sentrum Scene i Oslo. I prisen inngår turné i Noreg, øvingsfasilitetar før turnéen og showcase på By:Larm i Oslo. Prisen er eit samarbeid mellom Alarmprisen og Rikskonsertane og vinnaren vert plukka ut av ein fagjury. Eg […]

Fasit og resultat: Popquiz 1

Då er fristen ute og det er tid for oppsummering. Totalt sju deltakarar deltok og poengsummane varierte frå fem poeng til full pott og tolv poeng.

Ufjelg popquiz

Gullet er heme og vi har gleda av ønskje velkommen til historias første Ufjelg-popquiz. Vi startar forsiktig og fokusområdet er coverlåtar med litt attåt. Send svaret ditt til popquiz@ dette domenet innan i kveld kl 19. Alle hjelpemiddel er tillatne. Talet på oppnåelege poeng i parantes - 12 totalt. Lukke til! 1. Kva heiter bandet? […]

Popquiz fredag

Det vert quiz fredag. Oppgåvene er klare så ver klar kl 14.00.

Frå samfunnsmedviten borgar til sjuk sjuk sjuk kikkar

Desse skattelistene har aldri brydd meg noko nemneverdig. Eg har registrert at nok ein gong vel ein del høgt profilerte eller velståande personar å bidra oppsiktsvekkjande lite til felleskapen. Eg har fått med meg at Sigurd Rushfeld har lagt seg opp litt etter nokre år i utlandet. Greit nok. Og så tenkt eg ikkje meir […]

AVLYST: Popquiz

Grunna uventa omstende må diverre den planlagde quizen avlysast. Vi beklagar eventuelle ulemper dette medfører. Men frykt ikkje, quizen kjem. På fredag førstkomande kl 14 vert den første online popquizen i Ufjelg-historia arrangert. Regel: Den som får høgst poengsum innan kl 18 same ettermiddag vert kåra som vinnar. Alle tilgjengelege hjelpemiddel er sjølvsagt lov. Dersom […]

BIFF 2007

Årets BIFF-program er på nett og det inneheld mykje som virkar spennande. Nytt av året er at det også vert konsert: Sigur Rós spelar opp i forkant av visninga av dokumentaren Heima som handlar om ein turné Sigur Rós hadde på Island ifjor.

Bås

Band og artistar og musikken deira vert stadig sett i ulike kategoriar, men det er ikkje alltid at det er så lett for potensielle kjøparar å bli klok på dei stadig nye båsane. På Gardermoen låg Gøteborgs-Posten der dei melde ein del nye plater i for meg nye musikk-kategoriar. Eg nemner i fleng: indiehiphop, synt-funk, […]