[ ]

Styret i Språkrådet vedtok 13. september å setja i gong med ei normering av nynorsken. No skal det strammast inn, ikkje lenger haugevis med alternativ og klammeformer. Så om du er nynorsking, medviten eller ei, aktiv eller passiv, brukar av dette språket som har meir valformer enn dei har lösgodis i Töcksfors, så må du skunde deg. No skal det verte stramt og enkelt, slik at det vert mog(e)leg/[muleg] for stakkars Austlendingar å få ein firar på sidemålsstilen sin. Det kan sjølvsagt ha/hev vore/vori andre meir høgverdige motiv som låg bak vedtaket. Men ein tenkjer no sitt..

Kulturdepartementet har visstnok no kome med ei oppmoding om å venta litt med normeringsarbeidet.. Jau, dette vert det nok kamp om.

Sjå også

Ein kommentar

  1. baardemannen
    Posted 19. november, 2007 at 08:02 | Permalink

    Eg synest det er på høg tid at det blir rydda opp i jungelen av klammeformer. Eg forstår at dette er vanskeleg for puritanske nynorskfundamentalistar, men eg trur det er rett å forsøker å gjere nynorsken meir funksjonelt og moderne, for det einaste som kan redde nynorsken er at den er i bruk, og det er ikkje nok folk som nyttar språket berre av kjærleik og patriotisme.