Treningstips

Beach 2008 nærmar seg deff-initivt (applaus for ordspelet!). For oss strandløver er det to alternativ:
1. Byggje opp ny muskelmasse.
2. Avdekkje gamal muskelmasse.


Eg går for alternativ 2 noko som i praksis betyr jogging. Det er overraskande kort tid sidan eg fann ut kor utruleg mykje lettare det er å presse seg om ein samstundes kan høyre på musikk ein likar. Etter litt prøving og feiling har eg no funne ut at det som fungerar klart best er rock. Og det er eit orkester som skiljer seg ut som det i særklasse mest effektive; Mastodon. Når det verkeleg buttar i mot har eg to låter i bakhand.

1. Blood and Thunder frå plata Leviathan
2. Crystal Skull frå plata Blood Mountain

Den første varar i 3 minutt og 48 sekund, den andre i 3 min og 27 sekund. Ved å setje på desse to klarar eg å presse meg i over 7 minutt, uansett kor sliten eg er. Det er nesten magisk, og eg oppmodar alle som ikkje trur meg til å prøve sjølv. Det einaste ein må passe seg for er at ein må hugse på at andre kan sjå deg der du spring på tredemølla (eller løfter vekter for den del). Med Mastodon på høyretelefonane føler ein seg nemleg så f.... tøff at det er fort gjort at kroppen i reint instinkt inntek ein kamppositur. Om ein gløymer dette kan det bli litt pinleg når sangen er over og ein blir bevisst sin eigen framtoning i eit helsestudio der det spelast Craig David.

Sjå også

5 Kommentarar

  1. baardemannen
    Posted 7. mars, 2008 at 00:00 | Permalink

    Takk for treningstips, dette skal eg prøve.

    Eg gler meg stort til beach08, og har allereie starta førebuingane.
    Ser deg på ei strand nær Førde.

  2. drleiv
    Posted 7. mars, 2008 at 09:17 | Permalink

    Kom gjerne med tips til andre låtar som har potensiale til å fungere på same måten! Hadde vore perfekt å bygd seg opp ein portefølge med låtar slik at ein hadde 20-30 minutt tilsaman.

  3. hvrd
    Posted 7. mars, 2008 at 10:35 | Permalink

    Det er svært vanskeleg å matche Blood and Thunder, men det er fleire fete alternativs på den siste Mars Volta-plata.

  4. baardemannen
    Posted 7. mars, 2008 at 16:10 | Permalink

    anbefaler:

    Iron maiden: Running free
    Kate Bush: Running up that hill
    Eric Clapton: Running on faith
    Al Stewart: Running man
    Van Morrison: Come running
    Vanessa Williams: Running back to you
    Michael learns to rock: You keep me running
    Pennywise: Running out of time
    Judas Priest: Running wild
    Faith Hill: Go the distance

  5. Proletaren
    Posted 8. mars, 2008 at 10:09 | Permalink

    Dersom nokon står fram og seier at dei no har persa på maraton fordi dei i oppkøyringsperioden brukte Micheal learns to rock som treningsmusikk, då veit du at dei har endå meir å gå på!