Det blir sagt at det er mange vegar til Rom, men jammen er det mange vegar til Ufjelg også. Den seinaste tida har trafikken her på sida vore rekordstor. Ein god del besøkande er nok gamle kjende, men ein rask kikk på statistikken tyder på at nokre kan ha hamna her på slump. Eg har sett litt på kva for søkeord som har ført folk inn på sida. Nokre av treffa kjem frå søka under:
kirkebrenning metal
ja vi elsker piano
ja vi elsker akkorder
dag solstad desillusjonert
ei god bok du bør lese
gloria lova gud
tysk pølse
ti i skuddet 1967
rolleinnhavere ringenes herre
fellesbadstu hotel
lurt av russiske damer
2 Kommentarar
Det er forøvrig dette trivelege reisebrevet frå -05 som ein treff på dersom ein søker på "lurt av russiske damer": http://ufjelg.org/arkiv/56
He he, det hadde eg gløymd. Eg har forresten ikkje blitt så mykje betre å ta med underhaldning når eg reiser..