23. september, 2005 – 11:20
Bergens Tidende skal leggje om til tabloidformat neste haust. Det avgjorde styret i bedrifta torsdag ettermiddag.
13. september, 2005 – 14:48
Ein svært spanande valkveld fekk ein lukkeleg utgang då det mest humane, sosiale, distriktsvennlege og miljøvennlege alternativet vann. Vi går lysare tider i møte.
Haruki Murakami er eit namn som det er vanskeleg å få dreisen på i byrjinga, men som det er svært kjekt å seie etter kvart som ein vert fortruleg med det (omtrent som med sudoku altså). Det har vore mykje mas om Murakami på Doktor Munk, men det er ikkje utan grunn. No har eg […]
Eg har omtrent ikkje nytta radio sidan den tida då Radio Luxemburg og Ti i skuddet var det heilt store. No har eg fått meg mobiltelefon med radio, og interessen byrjar så smått å vende tilbake. Problemet er at eg ikkje veit kva eg skal høyre på bortsett frå P.I.L.S og Cowboy og indianer. Eg […]
Neil Young har overstått hjerneoperasjon og gir ut sitt nye album 20. september. Det skal heite Prairie Wind. Mine forventningar er noko avmålte etter det svake Are you passionate? og det respektable Greendale.
Har lese romandebutant George Hagen si Familien Lament, om ein familie som stadig er på reisefot i eit forsøk på å finne ut kvar dei høyrer heime. Rasisme og fordommar er underliggande motiv, i ein melankolsk og til tider gripande roman som av og til blir for sentimental. Portnoys besværlige liv er skriven av Phillip […]
Då det tydelegvis skjer lite og ingenting på Doktor Munk for tida tek eg meg den fridomen det er å poste eit bilete med utsikt frå toppen av Viefjellet 24. juli i år.
I 1991 vart det i Noreg nominert bøker til Århundrets Bibliotek, som skulle omfatte dei 100 beste, mest sentrale bøkene i det 20. århundre. På oppdrag fra De norske Bokklubbene kåra seinare 100 forfattere frå 54 land det såkalla Verdensbiblioteket. Eg vil ikkje vere dårlegare. Her er lista over dei hundre beste bøkene eg har […]
Eg var på Haukelifjell denne veka saman med studiekameratar frå Sogndal. Lars Tore fekk denne fisken og ein til. (N.B. Biletet kan vere manipulert)
Sommaren i Sunnfjord kan vere utruleg bra, men i år svarar den på ingen måte til forventningane. Det freistande å pakke sekken og dra sin kos. På samme tid i fjor skjedde dette: