Forfattararkiv: baardemann

Mål og meining

I håp om at det er plass til litt lågkultur i denne finkulturens høgborg, spanderer eg eit mål av vidunderbarnet Lionel Messi som kunne ha fått Maradona til å snu seg i grava om han hadde vore daud.

Musikk

Etter ein musikalsk ørkenvandring har eg no funne både oasen, Mekka og El dorado. Wilco er allereide nemnd her i garden, og i tillegg må nemnast Andrew Bird sin Armchair apocrypha, som er full av godbitar. Det for meg ekstremt etterlengta nye albumet til Bright eyes, Cassadaga, ser og ut til å innfri. Høyr til […]

Høg kinamann klarar brasene

Av og til kan røyndomen kopiere dårlege filmar i staden for omvendt. Ikkje det at eg har sett ein film som handlar om at verdas høgaste mann reddar ein delfin der kirurgane må gje tapt, men det iallefall lett å tenkje seg ein slik film. I BT i dag kan ein lese dette: Delfinene hadde […]

Wilco: Sky blue sky

Det siste albumet frå Wilco er ikkje i butikkhyllene før 15. mai, men det finst no på internett, og i mitt medvit som noko av det beste som har vore der på lenge. Det eit variert album med både enkle country-arrangement, røffe rockelåtar og lange gitarsoloar - alltid med Tweedy sin herleg tilbakelente og nosjalante […]

Den ufjelge sanninga

Inspirert av Oscar-showet som gjekk på fjernsyn forleden, såg eg i kveld Al Gore-filmen: An inconvenient truth. Den handlar om framtida til denne planeten. Veldig bra film!

Førarkort

Eg har førarkort

Politiet vil sterkt rå folk frå å sove på riksvegar

Om ein tek oppgåva si alvorleg når ein les avisa Firda, kan ein komme ut for mykje rart. I dag fann eg ikkje mindre enn tre saker om folk som har sovna på ymse vegar i Sunnfjord. 1. I tretida natt til søndag fekk politiet melding om at ein mann låg og sov midt på […]

Dylan til Oslo

Bob Dylan kjem til Oslo fredag 30 mars neste år. Eg satsar på å vere der eg og.

Kjøpefri dag

Laurdag var det kjøpefri dag over heile verda. Du lurer sikkert på korleis det gjekk. Her er nokre ferske fakta: - Det vart registrert 6,5 millionar korttransaksjonar i Noreg denne helga. - Nordmenn brukte i snitt 417 kroner per transaksjon. - Totalt vart det handla for 2, 7 milliarder kroner, ei auke på 11 % […]

Tilstandsrapport frå ein bygdeby

Det er fullt mogeleg å tenkje seg at ikkje alle lesarane av Doktor Munk er lesarar av avisa Firda. Difor vil eg gjerne komme med nokre opplysningar om kva som rører seg i den sunnfjordske folkesjela for tida.