Forfattararkiv: hvrd

Muddy Mojo på Bahran laurdag

Førstkomande laurdag svingar duoen Muddy Mojo gitarar, trekkspel og diverse perkusjonseffektar for eit lite men interessert publikum på Bahran. Muddy Mojo framfører eigne låtar heimehøyrande i blues- og roots-land med stor sjarm og godt humør, utan at dèt går utover kvaliteten.

Programmet for Bergenfest er klart

Og for eit program! Etter fjorårets litt skuffande program er no Frank Nes & Co klare med noko som i underteikna sine auge er tipp-topp. Mildt sagt. Chris Hillman (ex The Byrds og Flying Burrito Bros) og kumpanen Herb Pedersen er tilbake med sin fantastiske bluegrass. Denne konserten var det desiderte høgdepunktet i 2003 og […]

Vekas låt: Belle & Sebastian – Another Sunny Day

Skottane i Belle & Sebastian har nett servert si seinaste plate, The Life Pursuit, og eg ser ikkje anna utveg enn å kåre spor nummer to, Another Sunny Day, til vekas låt. Den er ein fabelaktig countrypoppar med det nydelegaste gitarspel og herleg koring ifrå mai til august. Og som ikkje det var nok, dei […]

Frisk

Etter eit kort sjukeleie er Doktor Munk frisk igjen. Vonar ingen har vorte smitta og at aktiviteten her kan nå nye høgder.

Visualisering er den nye gramatikken

Trendforskar Paal Fure har nyleg presentert dei ti viktigaste trendane i Skandinavia i åra framover. Dette er spennande lesestoff for oss proaktive og hyperdynamiske. Analysene til Fure virkar så presise at eg mistenker han for å gå i tospann med sjølvaste Henning Hai Lee Yang. Dagens Næringsliv oppsummerer.

Konserttips

Medan konsertredaksjonen sit på ræva og gremmest over det sparsommelege konserttilbodet i Bergen denne våren, har Oslo-gjengen lansert eit uslåeleg tilbod onsdag 1. februar: For The Sake Of The Song - en hyllest til TOWNES VAN ZANDT. Cafe Mono lovar kjente andlet som Paal Flaat, Martin Hagfors og Robert Buraas, samt overraskingar. Det vert gjort […]

Etterlengta skive

I ein epost stod det følgjande: The upcoming Motorpsycho album will be a double-CD / double-LP. It's title: Black Hole/Blank Canvas It will be released on 17.03 OR 20.03 - depending on whether your country has Monday or Friday release dates (every country is different). Rockenroll all night long, seier eg. Dette var på tide.

Verbale uppercuts

Muhammad Ali var ein ryse god boksar og for dei som har sett dokumentaren When we were kings, tek det ikkje lang tid før det går opp for ein at han også hadde det i kjeften. Mitt favorittsitat er følgjande: I done wrassled with an alligator, I done tussled with a whale, handcuffed lightnin, threw […]

The Posies – utan straum

To timar etter annonsert tidspunkt kom Ken Stringfellow og Jon Auer frå The Posies til platesjappa Apollon. Med spøkar om tollarar hvis hender hadde vore både her og der, introduserte dei ein halvtimes akustisk slagerparade. Siste halvdel vart hovudsakleg brukt til å oppfylle ønskje frå, det langt over snittet tolmodige, bergenspublikumet. Vi fekk høyre nokre […]

Topp 10 svartmetall-bilete

Ein utanlandsk nettstad presenterer ei samling av latterlege svartmetall-bilete: Ruthlessreviews (Mykje fin norsk ungdom der, ja!) NB! Bileta kan verke støytande!