Forfattararkiv: Kazman

Helgelyd veke 18

Det kan aldri bli for mange flinke syngedamer i sjangeren køntri. Den flinkaste av dei alle no for tida er Diana Jones. Vil ein høyre ein fin song kan ein strengt tatt velge i blinde frå plata My remembrance of you frå 2006, men den aller finaste er nok Pony. Her er det berre å […]

Helgelyd #4

Kva er vel betre enn å innleie helga med ein indie-hit frå det glade 90-tal? Ladies and gents, Sirkus Ufjelg presenterer Sebadoh med "gladlåta" On fire.

David Rawlings er Gud

Gillian Welch-konserten på Lille Vega i København vart ei triumfferd alldeles. På førehand visste eg ikkje heilt kva eg kunne vente meg. Gode låtar og flinke musikarar var eg sikker på å få, og eg trudde på at det kunne verte ei sakral oppleving. Men eg visste ikkje korleis duoen ville vere på scena, og […]

Særs god bok

Eg vil gjere lesarane merksame på romanen Mesteren og Margarita av Michail Bulgakov. Eg er ikkje heilt sikker på kvar denne boka står i den litterære kanonen, men den kom i alle høve med i serien Århundrets Bibliotek i 1991. Sjølv høyrde eg ikkje om boka før ganske nyleg. Bulgakov skal ha jobba med romanen […]

Asketorsdag

Torsdag 26. april spelar det eminente poporkesteret Ash til dans på John Dee i Oslo. Om lukka står den ufjelge bi spelar dei kanskje i Bergen òg. Det får tida vise.