Kategoriarkiv: Ymse

Forslag

Førstkommande onsdag kjem sommaren endeleg til vestlandet, og då er det ikkje bortom staur og veggar å drikke utepils i hagen til Pikant i Førde. Særleg dersom ein tenkjer over at ølprisen er vennlegare onsdagar enn andre dagar i veka. Som ein parantes (kan eg nemne at Nathalie N. skal synge inne på Pikant denne […]

Førde – Bergen. Reisebrev frå innsida av hovudet.

Etter ei hektisk helg i Førde med bryllaup og vitjing av opphav og svigers på menyen, bar det attende til Bergen. Eg såg ikkje akkurat fram til bussturen, men det ikkje så mange andre alternative måtar å kome seg til Bergen på, så det fekk stå til. Fekk heldigvis sove nesten heile vegen til Lavik, […]

Det er forbode og nytta fotballsko…

Røykarane er endeleg borte frå fergene, men fergefolka er ikkje seine om å kaste seg over ei ny, utsett gruppe. Denne gongen er det dei som nyttar fotballsko innandørs på fergene som får svi for sine laster. Plakaten seier heldigvis ikkje noko om fotballspeling ute på dekk.

Heia filmen!

Det har vore filmfestival i Grimstad og prisen for beste dokumentarfilm vart delt mellom "fra hver sin verden" og "ungdommens råskap". Om ein les igjennom lista over kven som har vore involvert i den førstnemnde filmen, ser ein at DrMunk har fått sin første prisvinnar i Grimstad. Det er berre å gratulere!!! Her kan du […]

Internetsurfing

Eg er endeleg ferdig med min eksamen, men det er hardt å trappe ned på internetsurfinga. No har eg funne ein genial guide på min ville ferd i verdsveven. Eg lasta ned ein "extension" til firefox, eit program som heiter StumbleUpon. Etter å ha installert det får ein ein liten StumbleUpon knapp i venstre hjørnet […]

Waglen helsar

Eg vart beden om å skrive ned nokre ord i høve at Doktor Munk forum no har skifta litt på layout-en, som det heiter inni Oslo. Det er både med glede og ikkje så lite tvisyn eg tek imot dette oppdraget. I desse dagar då vi gjerne ser litt attende, etter 100 år i fridom […]

Doktor Munk i ny utgåve

Ingenting er konstant i edb-verda, og Doktor Munk har teke på seg nye klede. Publiseringssystemet er óg skifta ut og det er forhåpentlegvis lettare å bruke enn det gamle. Mykje er forskjellig frå tidlegare, men eg trur ikkje det skal by på vanskar for den jamne edb-brukar å gjere seg kjent meg korleis ting fungerer. […]