Folkeopplysning

Eg las litt i Mekkeboka til Syklistenes landsforening idag og støytte på ordet unbrako. Kunne dette verkeleg stemme? Det heiter då verkeleg umbrako. Dette kunne også kollega S, ein røynd herremann i sin beste alder, skrive under på. Stort var sjokket då umbrako gav 799 treff på Google, medan unbrako gav 33,200. Då vi i tillegg fann følgjande på dansk Wikipedia, måtte vi innsjå vi at slaget var tapt:

Hovedparten af den danske befolkning udtaler og tror skruetypen hedder Umbrako, hvilket er en misforståelse idet firmaet retteligt hedder Unbrako.

Heldigvis kan eg søke trøyst hjå majoriteten av det danske folk.

Ein klassikar til glede

Kvalitetssalvar

Norsk esperanto-ungdom (NJE) lyste for ei tid sidan ut ein banneordkonkurranse. Vinnar vart følgjande kraftuttrykk send inn av Etel Zavadlav frå Kroatia:

Fiku fratinon de erinaco

som tyder Pul systera til eit pinnsvin. I juryen si grunngjeving heiter det bl.a. Les meir »

Tverrfløyteterror på høglys dag

For nokre dagar sidan kom Postgirobygget ut med ny plate og no altså dette. Kva blir det neste?

For oss som elskar Guitar Hero, men manglar Playstation

Sjekk denne!
http://fretsonfire.sourceforge.net/
Det er rett og slett ein friprogramvareversjon av Guitar Hero. Fungerer på Windows, Linux og Mac. Kjøp eit trådlaust tastatur og modifiser i vei.
http://blog.keyboardsonfire.net/

Klientellet

cover
Isn't life strange er eit nydeleg og relativt representativt kutt frå den nye plata til The Clientele, God save The Clientele. Dette er ein parademarsj med pop-perler i fin innpakning. The Clintele høyres ut som 60-talet på sitt mest harmlause og koselege, og bør helst nytast i seine sommartimar. Kvar enkelt song på plata er perfekt, og verd eit masterstudium i seg sjølv. Ei alvorleg innvending er at variasjonen kunne ha vore mykje større, men eg kan lett sjå gjennom fingrane mine.

XTC – All you pretty girls

Les meir »

Ja, vi elsker

.... norwegian country music går i år av stabelen på Logen teater. Arrangementet startar kl 16.00 og held på til langt på natt. Tek du turen får du høve til å høyre blant anna Gram Per Person spele country cover-låtar av sin store helt, One way out synge smektande gospeltonar, Tom Sawyer & The Huckleberry Finns og bluegrass, Mao med sin country & eastern og det relativt ferske countryensemblet Empty bottles, broken hearts. Felles for halvparten av kveldens bend, forutan den åpenbare sjangerlikskapen, er at Jørgen "The boy can play" Sandvik spelar i dei. Les meir »

Uflaks

No er helvetet laus.

Hot Fuzz!

Vil oppmode alle om å komme seg avgarde og sjå Hot Fuzz på nærmaste kinematograf. To timar pur moro. Eit stjernegalleri av dei sjeldne på skodespelarsida, i britisk målestokk vel og merke, som byr på ypparleg underhaldning. Filmen kombinerar humor med action og vold på ein sjangersikker og framifrå måte. Antagelig den beste politifilmen nokonsinne, og det kjekkaste eg har sett på svært lenge. Hovedpersonane, traktert av Simon Pegg og Nick Frost er vidunderlege, og eg anbefalar varmt deira forrige mesterverk "Shaun of the dead". Men Hot Fuzz er fleire hakk betre i mine auge, og eg nærmast garanterar at den fell i smak. God fornøyelse