12. februar, 2006 – 15:24

Dei som treng oppmuntring i vintermørket bør sjå hit. På sitt nyaste album spelar The Elected fjørlett og sommarvarm vestkystpop blanda med countrypop a la Bright eyes. Resultatet er kriminelt fengande og umiddelbart iøyrefallande musikk. Mannen bak plata heiter Blake Sennett og han spelar til vanleg i bandet Rilo Kiley.
10. februar, 2006 – 19:30

Det har lenge vore klart at Pierce Brosnan takkar for seg som 007, og som vanleg er det ein heftig diskusjon om kven som som skal bli den neste James Bond. Jude Law, Clive Owen og Ewan McGregor var lenge heite namn, og den siste tida har Daniel Craig verka så godt som klar for rolla. Ved ein glipp kom imidlertid denne kortstokken ut på markedet, og det er difor mykje som tyder på at det er Baardemann som blir den neste James Bond.
Skottane i Belle & Sebastian har nett servert si seinaste plate, The Life Pursuit, og eg ser ikkje anna utveg enn å kåre spor nummer to, Another Sunny Day, til vekas låt. Den er ein fabelaktig countrypoppar med det nydelegaste gitarspel og herleg koring ifrå mai til august. Og som ikkje det var nok, dei held fram i same tralten - med pop som eg nesten er tru(g)ande til å kalle "livsbejaande". Vol opp volumet!
Medan eg ventar på å starte i turnus i Førde har eg all tid i verda. Mellom anna har eg god tid til å snakke med telefonseljarar. Følgjande samtale fann stad på føremiddagen i går:
Les meir »
Etter eit kort sjukeleie er Doktor Munk frisk igjen. Vonar ingen har vorte smitta og at aktiviteten her kan nå nye høgder.
Trendforskar Paal Fure har nyleg presentert dei ti viktigaste trendane i Skandinavia i åra framover. Dette er spennande lesestoff for oss proaktive og hyperdynamiske. Analysene til Fure virkar så presise at eg mistenker han for å gå i tospann med sjølvaste Henning Hai Lee Yang. Dagens Næringsliv oppsummerer.
Dersom du er så framsynt at du nyttar Mozilla Firefox nettlesar kan du installere ein såkalla plugin som heiter Stumble upon. Den kan ta deg til nye stader på nettet. I dag prøvde eg å snuble rundt litt og kom til dømes in på ei side for nokre som selde flytande runde hus, og ei side med rare bandnamn. Kan nemne ei par favorittar frå den lista: Duke Tumatoe and the All Star Frogs, A Cat Born In An Oven Isn't a Cake, Admiral Poopy Pants and His Dancing Teeth, Naked David Hasselhoff, The Pro-Midget Mafia. Eg har inga aning om korleis musikken er.
Det falt idag 30 cm med nysnø i geilo!, www.skiinfo.no melder om kanonføre. detta blir gøy!
Til tross for at eg personleg ikkje har særleg mykje å gjere med eigedomsmeklarar for tida, er eg svært skeptisk til yrkesgruppa og nyttar eit kvart høve til å kome med ukvemsord om denne. Korleis dette vil eskalere den dagen eg faktisk skal ut på bustadmarknaden kan eg berre forestille meg. I mellomtida kosar eg meg med følgjande nyhendeoppslag.
Som ein innføring sjangeren kan eg forøvrig tilrå Kari Hotakainen si bok På hjemmefronten.
Ein gong i barndomen var eg av den oppfatninga at om ein gravde eit djupt nok hol, så ville ein kome til Kina. Det var også den gjengse oppfatninga blant andre på min alder frå Sande på den tida. Vel, det stemmer ikkje, svaret er faktisk at ein endar opp ein stad mellom Australia og Antarktis. Dei som ikkje trur på det kan sjekke sjølv her: