Då det tydelegvis skjer lite og ingenting på Doktor Munk for tida tek eg meg den fridomen det er å poste eit bilete med utsikt frå toppen av Viefjellet 24. juli i år.

Då det tydelegvis skjer lite og ingenting på Doktor Munk for tida tek eg meg den fridomen det er å poste eit bilete med utsikt frå toppen av Viefjellet 24. juli i år.

Det hadde seg slik at eg for ei tid tilbake var ein tur i Åsane. Det er sjeldan eg reiser dit av eigen hug, men når eg no fyrst var der så tenkte eg at eg måtte stikke innom Baunen, ein delikatessebutikk som ligg i Arken. Der har dei nokre heimelaga skinker som det har stått mykje bra om i avisene. Eg kjøpte med nokre skiver av den som heitte Ti Piace. Det er ei skinke som er salta etter italiensk oppskrift. Dei har og ei som er "norsksalta". Dette er gode greier! Løp å kjøp! Dersom du er så heldig å ha ei flaske avkjølt Argüeso Amontillado Sherry ståande, så er dagen fullkomen! Det er verd kvar krone. Passar fint å ta med i parken. Tek mindre plass enn kotelettar og du slepp styret med eingongsgrill.
Ser i ein kommentar av Nøste Kendzior i Dag og Tid frå 09.07.05 at ein del norske professorar meiner at Vi morer oss til døde er ein av dei hundre viktigaste sakprosabøkene i vår tid. Boka er no tjue år gamal og ho kom på norsk i 1987. Forfattar Neil Postman kritiserer fjernsynet for fragmentering og for å fjerne folk frå informasjon som er logisk, fornuftig og seriøs.
No har eg ikkje lese så inni hampen mange sakprosabøker, men eg kan på alle måtar stille meg bak at dette er ei god og vel så aktuell bok i dag som då ho kom ut. Det skadar på ingen måte å ha lese Brave New World av Aldous Huxley, og George Orwell si 1984 fyrst.
I 1991 vart det i Noreg nominert bøker til Århundrets Bibliotek, som skulle omfatte dei 100 beste, mest sentrale bøkene i det 20. århundre. På oppdrag fra De norske Bokklubbene kåra seinare 100 forfattere frå 54 land det såkalla Verdensbiblioteket. Eg vil ikkje vere dårlegare. Her er lista over dei hundre beste bøkene eg har lese til dags dato.
Eg var på Haukelifjell denne veka saman med studiekameratar frå Sogndal. Lars Tore fekk denne fisken og ein til. (N.B. Biletet kan vere manipulert)

Dei siste vekene har eg kosa meg mykje over og med den fabelaktige tenesta Audioscrobbler (www.audioscrobbler.com). Dette er ei teneste som vha. eit lite innstikk (plugin) til musikkavspelingsprogrammet, registrerer kva musikk du spelar på pcen og lagrar statistikk over dette. Vel og bra, men som regel er det enkelt å ha kontroll på kva ein spelar. Det som er det fabelaktige med Audioscrobbler er at den, basert på den musikalske profilen din, finn "naboar" som har ein musikksmak tilsvarande din. Dette gjev uante moglegheiter for å oppdage ny og ukjent musikk.
Les meir
Som det ofte er på onsdagskveldar, er det også i kveld jam på Kamelon. Vertar i kveld er Mr. Reed y compadres og Leif-en har sagt at det vert songar snekra av dei meritterte karane Neil Young og Towns Van Zandt. Seinare er det då høve til å få jamme litt eller spele favorittsongen sin.

Ps: På laurdag var eg på Jan Eggum-konsert for fyrste gong (etter å ha budd i Bergen i over 4 (sic) år), og har dermed fått kryssa ut eit av punkta på lista over ting å gjere før eg stikk frå byn. Det var riktig nok berre ein gratiskonsert på festplassen med støyande konferansier.
Sommaren i Sunnfjord kan vere utruleg bra, men i år svarar den på ingen måte til forventningane. Det freistande å pakke sekken og dra sin kos. På samme tid i fjor skjedde dette:

Alle som har utfordra kroppens yteemne veit at ei gulrot i enden av den mørke tunnelen kan hjelpe - og kva er vel betre enn ein liten stram ein etter mange timars fjellvandring?
På det svært aktive diskusjonsforumet Fjellforum, går det føre seg ein diskusjon om kva som er Glimrende høyfjellswhisky. Det heile begynnar med at den sjarmerande og utryddingstruga skogbjørnen panda presenterer whiskyen Caol Ila "Dun Bheagan" Cask strength 12 years old single malt/single barrel 55% med karakteristikken "som å svelge et stegjern". Litt av kvart å snappe opp der, gitt, og eg vart brått usikker på om eg verkeleg skal gå for og med Gammel dansk neste gong.
Eg forsøker å orientere meg litt i samtidslitteraturen og har difor lese Jon Øystein Flink: Bort med den dagen da Jon ble født, Vidar Sundstøl: Kommandolinjer, og Morten Øen: Øyets trang til mykhet. Eg kjem ikkje til å hugse nokon av desse med glede. Tahar Ben Jelloun: Dette blendende fravær av lys, svarte heller ikkje heilt til forventningane. Då likte eg betre Egentlig ville fru Blum bli kjent med melkemannen, den er skriven av Peter Bichsel. No held eg på med å fullføre Haruki Murakami si siste bok: Kafka on the shore. Den svarar definitivt til forventningane. Kanskje ikkje for einkvar smak, men like bra som Trekkoppfuglen og Norwegian wood, og med andre ord perfekt sommarlektyre for Murakami-entusiastar.