Denne sumaren tok eg litt på forskot, og når no feriepengane vert utbetalt, har eg alt brukt opp det meste av ferien. Eg skal som nokon veit flytte til det høge nord om ein månads tid og det går jo med litt gryn til det. Men no når kontoen var full så var det freistande å "snope litt, og kva er vel då meir naturleg enn å nytte nokre grunkar på italienske jordbruksprodukt (Barbaresco Asili Riserva 1999) og dansk ingeniørkunst (#7344). Dette får gjere opp for manglande utanlandsferie.
Noreg - ditt næraste ferieland. Italia - det nest beste vinland? Danmark - det beste Legoland!
I starten av denne veka var eg på ein familieutflukt til Loen og hotel Alexandra. Det store målet var bufeen, men møtte opp tre timar før middagen vart servert. Denne tida nytta vi i det nye badeanlegget på hotellet. Eg vart fortalt at for å kunne tiltrekkje seg (rike) turistar frå Europa var det eit must og ha eit såkalla "spa" på hotellet, og hotel Alexandra hadde difor investert 65 millinonar (!) i dette badeanlegget. For denne prisen får ein ei mengde boblebad, dusjar med program som er stilt inn på førehand (ein kan velgje mellom til dømes Tropical Rain, Summer Rain etc etc. Ein kan også velge Polar Rain, men den kan ikkje tilråast!), ulike badstutyper, osv osv. Veldig bra, men eg skjønar ikkje kvifor eg nemner alt dette. For min motivasjon for å skrive dette innlegget er nemleg noko heilt anna.
For då vi kom inn i badeanlegget var det nesten tomt, men eit tysk ektepar i 60 åra var på plass. Og dei gjekk rundt heilt nakne! Det er mogleg at det er min bluferdighet som ikkje er dimensjonert for å kunne kose seg i badeanlegg, men er det ikkje litt drøyt å gå naken omkring i eit meir eller mindre offentleg bad? Til dømes sat eg ved eit høve heilt åleine i badstua når denne tyske dama kjem inn og legg seg godt til rette på øverste benk. Litt overvektig og heilt naken.
Eg er freista til å seie meg samd i min bestefar sitt generelle syn på tyskarane: dei bør halde seg i sitt eige land.
Førstkommande onsdag kjem sommaren endeleg til vestlandet, og då er det ikkje bortom staur og veggar å drikke utepils i hagen til Pikant i Førde. Særleg dersom ein tenkjer over at ølprisen er vennlegare onsdagar enn andre dagar i veka. Som ein parantes (kan eg nemne at Nathalie N. skal synge inne på Pikant denne kvelden).
Etter ei hektisk helg i Førde med bryllaup og vitjing av opphav og svigers på menyen, bar det attende til Bergen. Eg såg ikkje akkurat fram til bussturen, men det ikkje så mange andre alternative måtar å kome seg til Bergen på, så det fekk stå til. Fekk heldigvis sove nesten heile vegen til Lavik, trass i at eg hadde drukke kaffi. På ferja var det som vanleg lang dokø. Eg har som kjent ei av verdas minste blærer og er i tilleg velsigna med kjappe nyrer, så det pressa på. Etter å ha fått silt potetene gjekk eg av gamal vane ned i kafeteriaen. Men eg hadde ikkje lyst på noko. Kika litt i avisstativet, men sundags-VG var ikkje så freistande.
Les meir »

Røykarane er endeleg borte frå fergene, men fergefolka er ikkje seine om å kaste seg over ei ny, utsett gruppe. Denne gongen er det dei som nyttar fotballsko innandørs på fergene som får svi for sine laster. Plakaten seier heldigvis ikkje noko om fotballspeling ute på dekk.
Den årvisse Rock bortom Nåva vart igår arrangert på Klopstad, mellom Naustdal og Førde og altså i skjæringspunktet mellom bygd og by. Sjølve festivalområdet ligg idyllisk til med utsikt utover Førdefjorden og med himmelen som tak. Scena var bygd opp på ei låvebru, og publikum kunne gle seg over ei mengde fasilitetar som stolar, bord, toalett, grillmuligheter (og gratis grillmat skulle det vise seg) og presseningar.
Publikum gjenspeilte på ein framifrå måte spekteret av folkesetnaden i Sunnfjord. Frå Jølster stilte ein gjeng unge og entusiastiske musikkelskarar og festløver, frå Gaular kom heile det tunge rockmiljøet, technomiljøet frå Naustdal var sjølvsagt (og heldigvis!) på plass. I tillegg var det tilstrekkeleg mange satanistar på plass til å fylle opp eit heilt bord, og mellom alle desse fraksjonane telte eg ein knallhard "biker" og tre eldre menn med grått hår. Sjølv sat eg i bakgrunnen ilag med andre introverte kulturløver.
Les meir »
Sidan eg no er på breibandet kan eg meske meg med alskens musikalske godbitar. Her følgjer litt av det eg har lytta til i det siste:
- The Mars Volta - Frances the Mute
- Common - Be
- Campbell Brothers - live 15.06.05
- Gillian Welch & Tim O'Brien - live 19.05.05
- Elvis Presley - How great art thou
- The Hellacopters - Rock & Roll is dead
- Ryan Adams - Cold Roses
Dette har eg stort sett funne på Dimeadozen, Torrentbox, Bytenova og Piratbyrån.
Det har vore filmfestival i Grimstad og prisen for beste dokumentarfilm vart delt mellom "fra hver sin verden" og "ungdommens råskap". Om ein les igjennom lista over kven som har vore involvert i den førstnemnde filmen, ser ein at DrMunk har fått sin første prisvinnar i Grimstad. Det er berre å gratulere!!!
Her kan du lese meir om filmen:
filmfestivalen
"Fra hver sin verden" går forøvrig på NRK 02.07, så då har vi alle muligheten til å få den med oss!
Eg er endeleg ferdig med min eksamen, men det er hardt å trappe ned på internetsurfinga. No har eg funne ein genial guide på min ville ferd i verdsveven. Eg lasta ned ein "extension" til firefox, eit program som heiter StumbleUpon. Etter å ha installert det får ein ein liten StumbleUpon knapp i venstre hjørnet av nettlesaren og når ein kjedar seg er det berre å trykke på den, så tar den deg til ein ny og spanande nettstad. Fantastisk!
Her er ein link til kor ein kan hente ned programmet. Det er forøvrig ein mengde extensions ein kan laste ned. Nokon som har fått weatherforcast programmet til å virke?