Ny dag – ny medisin

Finanskrisa rullar vidare. Men no har den amerikanske finansministeren endeleg funne ut kva som skal til for å snu trenden. Ikkje overraskande er medisinen forbrukslån. Det høyrest heilt genialt ut! Les meir »

Corner er mål

Nytt frå arkivet

Grunna eit serverbytte for ei tid sidan forsvann bileta frå ein heil del eldre saker. Etter mange purringar har endeleg arkivavdelinga teke ansvar og rydda opp. Her følgjer eit knippe saker som har fått biletet sitt tilbake, og som med fordel kan lesast ein gong til.
Les meir »

Ny helg – ny gladnyhet

Noko av det aller mest positive med finanskrisa er at eigedomsmeklarane er blant dei som sliter hardast. Notar må kunne seiast å vere av dei aller verste, difor blir nyheten om at Notar sparker 100 ansatte motteken med ein stor grad av skadefryd. Ikkje berre skadefryd; eg føler ekte glede!
Les meir »

Inflasjon

Det går nedover med krona, men vi har endå eit stykke att.
100 mrd dollars

Fleire sedlar frå Zimbabwe.

Opp av bekkalokket

Roland Mühler har tatt nokre flotte bilete av bekkalokk (eller kumlokk som folk flest seier).
bekkalokk

Fleire godtbitar på Roland sine sider. Meir om Opp av bekkalokket.

Ein moderne klassikar

Her følgjer eit intervju det tyske metall-magasinet Rock Hard gjorde med norges desidert mest humoristiske metall-mann Gylve Fenris Nagell (tidl. Leif Nagell) aka Fenriz.

Ein slager. Take me to your Fenriz har meir småstoff.

Dylan er ikke død

Sekstitalshelten Bob Dylan har markert seg sterkt i moderne tid med platene Time out of mind, Love and Theft og Modern times. Tell tale signs er åttande plate i bootleg-serien. Plata har 27 spor med overskotsmateriale frå perioden 1989 - 2006. Noko er alternative versjonar av innspelte låtar frå perioden, og noko er låtar som har blitt til overs frå plateinnspelingane. Dette restmaterialet står ikkje tilbake for noko nokon har gitt ut dei siste tiåra. Red river shore vart til dømes ikkje vurdert som bra nok til å komme med på Time out of mind, men første gong ein høyrer den, minner den om ein klassisk Dylan-klassikar. Refreng er oppskrytt!

For ikkje å snakke om denne alternative versjonen av Tell ol' Bill, som Dylan skreiv til filmen North Country i 2005:

Dagens sitat

– Det er klart at regulering og kontroll må være på plass i den virkelige verden.

Per Sandberg, Fremskrittspartiet.

Sandberg uttaler dette til ABCnyheter i dag, som ein kommentar til eit punkt i Frp sitt handlingsprogram som slår fast at "regulering fra myndighetene burde i prinsippet være overflødig i en fri økonomi".

I dag er verdas lærardag

Verdas lærardag vart innstifta av UNESCO i 1994 for å understreke kor viktig det er å verdsetje og byggje opp under læraren sin status. I dag er dagen då du kan gje ein lærar ein klem utan å vere redd for å vere for sentimental.

http://5oct.org/