Let me finish!

Onsdag er det klart for den andre tv-debatten mellom Obama og McCain. Den vil nok ikkje by på like morosame scener som denne mellom Kerry og Bush, men spanande blir det uansett.

Hanne Krogh er ute av Skal vi danse?


I dag norsk tid måtte songstjerna Hanne Krogh sjå seg slått i dansetevlinga Skal vi danse?. Men den tidlegare Bobbysocks - legenda er storsinna i sine kommentarar til pressa. "Jeg synes det hadde vært forferdelig hvis Lene Alexandra hadde røket ut i dag" , sa Hanne Krogh i eit intervju rett etter fadesen. Og vidare: "Hun har fått en vidunderlig sjanse til å vise seg fram til det norske folk, og jeg tror det er flere hjerter enn mitt som hun har krøpet inn i."

Ufjelg.org kjem attende med fleire kommentarar etter kvart som denne saka utviklar seg.

(Sjå meir på VG-nett viss du vil)
(Hanne taklar pressa på rutinert vis)

Vidgjeten, blå regnfrakk

Det ballar på seg. Vart tipsa om Marissa Nadler av Hvrd for nokre veker sidan, og oppdaga denne coveren av ein av min favorittsongar på den siste plata hennar. I kveld var musikkvideoen plutseleg på Pitchfork. Nydeleg stemme og strålande versjon av ein strålande song.

Marissa Nadler - Famous Blue Raincoat from Greg Eggebeen on Vimeo.

Finanskrisa – sanninga

Eg har vorte aukande interessert i økonomi det siste året. Dei siste vekene har difor vore like spanande som eit tour de France, ja nesten på høgde med fotball-VM. Problemet har vore å finne edrueleg informasjon om kva som eigentleg skjer. Les meir »

Kven er dette?

Ringte spåkone – kva så?

Stortingsrepresentant Saera Khan har fått mykje kritikk den seinaste tida fordi ho angiveleg skal ha misbrukt ordninga som gjev folkevalgte fri tilgang på telefon. Det viser seg no at ein vesentleg grunn til at Khan har hatt så stor telefonrekning, er at ho har ringt til ei spåkone 58 gonger. I 2001 oppsøkte eg sjølv ei spåkone i Brasil, og veit difor at ein kan få uvurderleg informasjon frå den kanten. Det verkar unekteleg som om nokon er ute etter å "ta" Khan.

http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article2678650.ece

The Micropops live

The Micropops med Håkon Njøten er headliner under helgas Dugnad-festival der inntektene går til bandsa som mista utstyret sitt under brannen i Skuteviksbodene. Andre bands som stiller opp er: Datarock, The Whitest Boy Alive og Kim Hiorthøy.

Ref. opplett.no.

Helgelyd veke 37

Ei plate som har fått mykje god omtale av ymse kritikarar i haust, er You & me med gruppa The Walkmen. No då eg har høyrd intensivt på ho ei stund, kan ikkje ikkje anna enn å vere samd med desse. Songen In the new year tykkjer eg særleg godt om. God helg godtfolk.

Lyd

Gjensyn med Twin Peaks på Tv2

I kveld 23.40 sender Tv2 første episode av den legendariske fjernsyns-serien Twin Peaks. Det blir eit deilig gjensyn med tidenes skumlaste serie og eit fantastisk persongalleri. Pete Martell finn liket av Laura Palmer, Ronette Pulaski blir funne skamslått og FBI-agent Dale Cooper kjem til Twin Peaks, i ein episode som er av dei absolutt betre i serien.