Merkelapparkiv: Musikk

Ben Folds på Chatroulette?

[Oppdatering:]Filmen går visst ikkje å embedde lenger, men den kan sjåast på YouTube. Det vert spekulert i om det er Ben Folds som står bak følgjande meisterverk. Eg veit ikkje, men det er den beste Internetthumoren eg har sett på lange tider. Iallfall på fleire timar. Via nrkbeta.no.

Dr. Munks Popleksikon

Speleliste basert på Ragnar Hovlands Dr. Munks popleksikon, 9,6 timar med subjektivt utvalgt kvalitetspop. spotify:user:oygarn:playlist:7s58ibPc24wMy4luiVgnGK

Ufjelg Spotifyliste 1

Det er ei stund sidan ny og/eller ukjend musikk har vore så kjekt som no etter at Spotify dukka opp. Eg har oppretta ei kollaborativ speleliste og lagt til tre hits og oppfordrar alle til å gjere det samme. Post gjerne ein kommentar med kva du har lagt til.

Helgelyd på frigjeringsdagen

Camera Obscura er eit band som til no har unngått ufjelg-radaren sjølv om minst ein (meg) av dei som skriv i bloggen hadde stor glede av det førre albumet. No er skottane ute med ny plate, og eg er framleis positiv. Dette er lettbeint, upretensiøs og innsmigrande popmusikk med fin ungpikevokal. Ikkje overvettes originalt, men […]

Spotify

Berre så det er sagt: Er du det spor interessert i musikk og ikkje er på Spotify, så er du heilt ute. Fullstendig ute. Spotify er, som Egon Holstad ville sagt, det beste sidan oppskjært brød. Eigentleg er det ei usannsynleg kjapp streaming-teneste med eit utval som overgår sjølv den mest ihuga mp3-samlar sin kolleksjon. […]

Dobbeldans og pop

Det var ikkje fritt for at eg fekk ein smule hakeslepp då eg las omtalen av debutplata til bandet KaRL BaRX, A Produkt of Imagination:

Dylan er ikke død

Sekstitalshelten Bob Dylan har markert seg sterkt i moderne tid med platene Time out of mind, Love and Theft og Modern times. Tell tale signs er åttande plate i bootleg-serien. Plata har 27 spor med overskotsmateriale frå perioden 1989 - 2006. Noko er alternative versjonar av innspelte låtar frå perioden, og noko er låtar som […]

Helgelyd veke 37

Ei plate som har fått mykje god omtale av ymse kritikarar i haust, er You & me med gruppa The Walkmen. No då eg har høyrd intensivt på ho ei stund, kan ikkje ikkje anna enn å vere samd med desse. Songen In the new year tykkjer eg særleg godt om. God helg godtfolk.