Her er det endelege provet på at det eksisterer ei kaffistove på Husnes med eit velklingande namn: Takk til Rune for observasjon.
Kona og eg reiste førre helg ein tur til Masfjorden, der me har eit feriehus. Sju andre ungdomar var så heldige å få vere med. Det vart bading, fisking, soling og lesing. På sundagen vart det endåtil ein tur til fjells. Veret var med oss og me fekk nok fisk til suppa på laurdagskvelden. Eg […]
Då det tydelegvis skjer lite og ingenting på Doktor Munk for tida tek eg meg den fridomen det er å poste eit bilete med utsikt frå toppen av Viefjellet 24. juli i år.
Det hadde seg slik at eg for ei tid tilbake var ein tur i Åsane. Det er sjeldan eg reiser dit av eigen hug, men når eg no fyrst var der så tenkte eg at eg måtte stikke innom Baunen, ein delikatessebutikk som ligg i Arken. Der har dei nokre heimelaga skinker som det har […]
Ser i ein kommentar av Nøste Kendzior i Dag og Tid frå 09.07.05 at ein del norske professorar meiner at Vi morer oss til døde er ein av dei hundre viktigaste sakprosabøkene i vår tid. Boka er no tjue år gamal og ho kom på norsk i 1987. Forfattar Neil Postman kritiserer fjernsynet for fragmentering […]
I 1991 vart det i Noreg nominert bøker til Århundrets Bibliotek, som skulle omfatte dei 100 beste, mest sentrale bøkene i det 20. århundre. På oppdrag fra De norske Bokklubbene kåra seinare 100 forfattere frå 54 land det såkalla Verdensbiblioteket. Eg vil ikkje vere dårlegare. Her er lista over dei hundre beste bøkene eg har […]
Eg var på Haukelifjell denne veka saman med studiekameratar frå Sogndal. Lars Tore fekk denne fisken og ein til. (N.B. Biletet kan vere manipulert)
Dei siste vekene har eg kosa meg mykje over og med den fabelaktige tenesta Audioscrobbler (www.audioscrobbler.com). Dette er ei teneste som vha. eit lite innstikk (plugin) til musikkavspelingsprogrammet, registrerer kva musikk du spelar på pcen og lagrar statistikk over dette. Vel og bra, men som regel er det enkelt å ha kontroll på kva ein […]
Som det ofte er på onsdagskveldar, er det også i kveld jam på Kamelon. Vertar i kveld er Mr. Reed y compadres og Leif-en har sagt at det vert songar snekra av dei meritterte karane Neil Young og Towns Van Zandt. Seinare er det då høve til å få jamme litt eller spele favorittsongen sin. […]
Sommaren i Sunnfjord kan vere utruleg bra, men i år svarar den på ingen måte til forventningane. Det freistande å pakke sekken og dra sin kos. På samme tid i fjor skjedde dette: