Dokumentasjon

Her er det endelege provet på at det eksisterer ei kaffistove på Husnes med eit velklingande namn:

Skiltet

Takk til Rune for observasjon.

Sjå også

3 Kommentarar

  1. Proletaren
    Posted 28. juli, 2005 at 10:05 | Permalink

    Dersom de klikkar inn på http://www.naeringsservice.no/Dr.Munk/, så kan de sjå at dette ikkje berre er i ordinær kaffistove, men ein restaurant. Det er i allefall det dei skriv. Så får vi sjå..

  2. hvrd
    Posted 28. juli, 2005 at 11:27 | Permalink

    Det noko diffuse poenget mitt var at biletet stadfestar eksistensen av kaffistova/restauranten. Ei webside er ikkje nødvendigvis eit prov og forøvrig linka Dr Leiv for ei tilbake til http://www.drmunk.no, ei webside nede for teljing. Ein gammal versjon finn vi her, der står det bl. a. å lese at restauranten er til sals.

  3. Rune
    Posted 12. august, 2005 at 13:26 | Permalink

    På baksida av "Husnes. Informasjonskart for båt-, bil- og sykkelturistar" står det å lese: "Dr Munk Restaurant er kjend for den rolege atmosfæren, men endå meir for den gode maten. Her kan du slappa av i koselege omgivnadar, utan bråkande dansemusikk." Underteikna har sjølv vore på synfaring i lokalet, og kan stadfeste at stemninga er god og særs avslappa. Kjøkenet kan lokke med alle skjenkerettar og eit breitt utval av retter i alle prisklasser. Kva med for eksempel Nachos a'la Munk? Eller rømmesurra aure? Dei eventyrlystne kan freiste Dr Munks Surf and Turf eller den ovnsbakte tandoribreiflabben, medan borna utan tvil vil kasta seg over Blekkulfgrillpølsene med hugnad. Utan tvil: skulle ein komme i skade for å bevege seg i sentrale delar av Kvinnherad er ikkje eit besøk på Dr Munk til å kome utanom. Og finst det ein meir naturleg treffstad for eit slumrande (?) popquizlag?

    Vel møtt!