Radio

Eg har omtrent ikkje nytta radio sidan den tida då Radio Luxemburg og Ti i skuddet var det heilt store. No har eg fått meg mobiltelefon med radio, og interessen byrjar så smått å vende tilbake. Problemet er at eg ikkje veit kva eg skal høyre på bortsett frå P.I.L.S og Cowboy og indianer. Eg er takksam for tips frå andre Doktor Munk-brukarar.

Sjå også

3 Kommentarar

  1. Posted 30. august, 2005 at 00:40 | Permalink

    I sommar har vi vore velsigna med mykje P.I.L.S., men no er det slutt på dei tidene. Herreavdelingen nett starta opp att - det er sørgeleg lite anna å høyre på, eg er spent på kva tilrådingar folk kjem med her.

  2. hvrd
    Posted 30. august, 2005 at 18:57 | Permalink

    Forutan Popquiz laurdag føremiddag og HAL ("med legendariske Harald Are Lund") likar eg særs godt Radioselskapet mandag til fredag 16-17 på P2, som forøvrig hadde nokre temmeleg fine sendingar frå Nattjazzen i "sommar", med bl. a. MAO, Real Ones og Ragnar Hovland live.

  3. Posted 1. september, 2005 at 23:01 | Permalink

    Ensomme rytter, Kanal 24 torsdag 22.03
    Ensomme rytter er eit country-program med ein fin blanding av gamle klassikarar og spor frå nye countryplater. Programleiaren er den alltid like morosame Harald Thune, som sjølv har gitt ut eit knippe countryplater til gode kritikkar. Dette programmet kan eg gje mitt beste skussmål.

    Speleliste torsdag 1. september
    Los plantronics: Sidewinder
    John Prine: Long monday
    Casino Steel: I was barely getting by
    Dwight Yokam: Blame the vain
    The greencards: Weather and water
    Steve Earle: More than I can do
    John Prine: My darling hometown
    Jayhawks: Tailspin
    George Jones: Still doing time
    The greencards: Bordered on a breakdown
    Johnny Cash: Doing my time
    Rodney Crowel: The obscenity prayer
    John Prine: Taking a walk
    Robert Gordon: Red caddilac and a black mustache