På ski i påskefjellet


Utsikt mot Jølstravatnet frå Bolsetnipa

No nærmar det seg påskeferie, og snøen har endeleg landa i Sunnfjord. Eg har sett nærmare på nokre turar som kan vere interessante å gå for dei ski-interesserte. Dei viktigaste kriteria er a - at det ikkje er for langt frå Førde, b - det skal vere ein passeleg lang og ikkje alt for tung dagstur, og c - at det ligg godt til rette for å praktisere telemarksving. Eg har ikkje gått desse turane sjølv, men etter ymse verbale, visuelle og topografiske tips har eg fått lyst til å gå dei. Eg håper andre kan bidra med eigne røynsler og tips.

Bolsetnipa ligg i Jølster, og eit vanleg utgangspunkt er Fossheim i nærleiken av Skei. Denne turen er klassifisert med to (av fem) stjerner i turlaget sitt program, og blir rekna som ein relativt lett tur. Toppen ligg på 1214 meter, med strålande utsikt over Jølstravatnet. Sjølv om det er ein relativt kort tur har den ein stigning på omlag 1000 høgdemeter.

Frå Angedalen kan ein gå på Sandfjellet 1249 meter over havet. Det er ein litt lengre tur med omlag like mykje stigning. Terrenget er noko meir kupert, men også her vil ein kunne køyre eit par verkeleg fine nedfartar.

Ein velbrukt tur for telemarkkøyrarar er Tindefjellet i Jølster. Utgangspunktet er Svidal ved Jølstravatnet. Turen er omlag av same kaliber som Bolsetnipa. Tindefjellet er 1083 meter høgt, og tilbyr finfint køyreterreng.

God tur.

Sjå også

2 Kommentarar

  1. Vidar M.
    Posted 3. april, 2006 at 19:40 | Permalink

    Eg vil anbefale Sanddalsfjellet. Du kjøyrer inn til Sanddalsdalen på sørsida av Jølstravatnet. Det er slakk stigning til toppen og fint unnarenn ned att. Fin til telemarkkkjøyring.

  2. baardemann
    Posted 4. april, 2006 at 14:33 | Permalink

    Takk for tipset M.
    Eg skal prøve.