Månadleg arkiv: mai 2006

Intervju

Forfattar Rolf Sagen gav følgjande kortfatta intervju til Bergen bibliotek sin nettredaksjon.

Boknatt

Den 24. juni er det klart for den årlege boknatta i Fjærland. Dette er eit særs triveleg arrangement, som eg gladeleg tilrår. Denne gongen er sjansane for å gjere eit realt bok-kupp ekstra store, for Baardemann har sagt seg viljug til å selje store delar av den svært så innhaldsrike boksamlinga si.

Trendar

Eg har lenge interessert meg for trendforsking og vi har no fått eit uvurderleg hjelpemiddel i dette noko tidkrevande arbeidet: Google har nemleg lansert Google Trends. I ei lita analyse kom eg fram til følgjande oppsiktsvekkjande resultat: Rock er meir pop enn pop. Sjå sjølv.

Dagens disclaimer

Det er mykje ansvarsfråskriving for tida, og dette er nok mest utbreidd i USA. Men ein dag eg var på arbeid på bakeriet og skulle opne ein sekk sukker frå Danisco fann eg denne beskjeden bak på sekken: Produsert i Sverige eller Danmark. Dersom nokon skulle klage er det altså berre å skulde på nabolandet. […]

Tiltakslyst

På Doktor Munk er aktiviteten låg, men det ikkje alle som er like late. I Førde har to eldsjeler satsa på å få arrangere fest for russen ved utstillingshallen natt til 17.mai. Rådmannen er ikkje ubetinga begeistra for planane, så no står heile arrangementet i fare. Simon Vie, ein av initiativtakarane, uttalar skuffa til Firda: […]