Tiltakslyst

På Doktor Munk er aktiviteten låg, men det ikkje alle som er like late. I Førde har to eldsjeler satsa på å få arrangere fest for russen ved utstillingshallen natt til 17.mai. Rådmannen er ikkje ubetinga begeistra for planane, så no står heile arrangementet i fare. Simon Vie, ein av initiativtakarane, uttalar skuffa til Firda:

- "Det vil vere direkte bittert om dette går i vasken. Og det vil vere veldig trist for foreldra, etter som vi prøver å få til eit rusfritt arrangement."

Med slike edle motiv er det lov å vere skuffa, og eg stiller meg vantru til styresmaktene som ikkje takkar og bukkar for eit rusfritt russearrangement.
Heile saka kan du lese her

Sjå også

Ein kommentar

  1. hvrd
    Posted 10. mai, 2006 at 12:25 | Permalink

    Ja, her snakkar vi verkeleg om edle hensikter. Eg trur mange russeforeldre hadde følt seg mykje tryggare dersom dei visste at dei håpefulle befant seg på dette arrangementet.