To strekar under svaret eller sterk i rekninga

Mattekunnskapane hjå dagens elevar er som kjent ikkje heilt fantastiske. Så for dei fleste hadde det nok ingenting å seie frå eller til at det var ein faktisk feil i oppgåva som var gitt til eksamen 1. klasse på gymnaset iår. Men uansett er det ganske utruleg at eksamensoppgåver ikkje blir sjekka betre for feil. Det er godt å sjå at det finnast fornuftige folk i skulevesenet som veit dele ut litt fortent kritikk. Og eg ser ikkje vekk ifrå at fleire av Doktor Munk sine lesarar drar kjensel på ein lektor omtala i denne artikkelen...