P1

Det kan til tider vere kjekt å høyre på radio, til dømes i arbeidssituasjon. Men det er ikkje alltid ein er like samd i musikken som vert spela. Då kan du når du har tid setje deg ned framfor PC-en og leite litt i arkivet og høyre på mykje fint.
Eg veit jo at ein del av Doktor Munk sine lesarar ikkje lenger kan karaktiserast som teenagers og nokre har kanskje allereie forsont seg med tanken om at dei blitt vaksne. Som vaksne er det naturleg å ha lagt P3 bak seg og gått over til P1.
I Norgesglasset sitt arkiv har eg funne ein del høyrverdige saker, til dømes vinkurs med Merete Bø frå Elysée, kåseri frå Per Inge Torkildsen og humorprogrammet Møre Banan.