Åtvaring og unnskuldning

Eg har hatt ein noko lav aktivitet på Doktor Munk i det siste. Det skuldast for ein stor del at eg ikkje lengre har internet heime. Der eg bur har vi hatt trådlaus nett og det har vore vidåpent. Etterkvart vart det imidlertid ganske åpenbart at fleire naboar nytta seg av vårt nett, noko som i og for seg ikkje var noko problem. Men det er rart med det; innimellom kjente eg irritasjonen stige over at nokon snylta på noko som var "mitt". Så eg bestemte meg for å stenge nettet. Eller kryptere det som det så fint heiter. For å gjere ein lang (og særdeles irriterande, provoserande, langdryg og fortvila) historie kort, så sparka eg meg sjølv ute av nettverket. Og eg klarar ikkje å fikse det. Så no må eg skrive mine mail og gjere mi surfing på jobben, med mistenksomme blikk frå sjukepleiarar og aukande dødsrate på avdelinga som følgje.
Moralen er: internettet må delast!

Sjå også

Ein kommentar

  1. Proletaren
    Posted 1. desember, 2005 at 17:10 | Permalink

    Ja ja Leiv, for å sitere kameraten min Jesus; "Dei gamle vil de alltid ha hjå dykk". Litt svinn i dei eldre rekkjer får vi tole. Keep on surfin'!!