Månadleg arkiv: oktober 2006

Ein perfekt avisartikkel

Storpolitikk, nabofeide, rettsak, sleipe eigedomsmeklarar og ein tannbørste som heng frå eit tre, alt i ein og same artikkel. Det kan umogleg bli betre! Les heile saka her.

Konsertnytt

Dolly Parton spelar til dans i Vestlandshallen fredag 9. mars. Hoppsasa!

Eddabedda

Skal det vere ein bil?

At somme ikkje kvir seg for å kalle seg kristen når dei skal freiste å få seg hybel er ikkje noko nytt. Meir overraskande er det at dei kristne skaffar seg bil på heilt andre måtar enn vanlege dødlege. Denne annonsa kunne ein lese i Firda i går: Hjelp! Er det noen som kan være […]

Beskjeden type

Her følgjer eit lite intervju med Townes Van Zandt.

Ny film frå Lynch

David Lynch har laga ein ny spelefilm som heiter Inland empire. Den vart nyleg vist under filmfestivalen i Venezia, og har fått tildels rosande omtale. Eg har skumma gjennom ymse britiske og amerikanske aviser, og det ser ut som om journalistane der meiner at dette er noko av det mest uforståelege dei har sett, iallefall […]

Intet nytt fra vestfronten…

Plateåret 2006 har, i mine øyre, ikkje vore på nivå med fjoråret. I den seinare tid har det heldigvis komme nokre plater som verkeleg har falle i smak. Typisk nok er det gamle kjenningar som står bak: Bonnie Prince Billy: The letting go Etter den berre delvis vellykka Superwolf, som Will Oldham spelte inn saman […]

I høve den gode responsen..

.. vil eg nemne at det er kanelbullens dag i dag! Bak deg ein bolle og tenk på kor fattig verda hadde vore utan herlige doktor munk.

Sufjan Stevens i Oslo

Den ikkje ukjende Sufjan Stevens gjestar Sentrum Scene tysdag 14. november. Til dei som har høve til å ta turen: møt opp! "Come on feel the Illinoise" var fjorårets beste plate, og det er ikkje berre eg som meiner det..

Horror movie

Eg deltok nyleg i ein diskusjon der stygge taklingar på fotballbana var tema, og då nemnde eg Ben Thatcher sitt overfall på Pedro Mendes tidlegare denne sesongen. Tilhøyrarane hadde ikkje fått med seg denne episoden, så no vil eg nytte høvet til å dele desse 47 sekunda med galskap. Thatcher fekk gult kort for brotsverket. […]