Etter ein musikalsk ørkenvandring har eg no funne både oasen, Mekka og El dorado. Wilco er allereide nemnd her i garden, og i tillegg må nemnast Andrew Bird sin Armchair apocrypha, som er full av godbitar. Det for meg ekstremt etterlengta nye albumet til Bright eyes, Cassadaga, ser og ut til å innfri. Høyr til […]
Av og til kan røyndomen kopiere dårlege filmar i staden for omvendt. Ikkje det at eg har sett ein film som handlar om at verdas høgaste mann reddar ein delfin der kirurgane må gje tapt, men det iallefall lett å tenkje seg ein slik film. I BT i dag kan ein lese dette: Delfinene hadde […]
Torsdag 26. april spelar det eminente poporkesteret Ash til dans på John Dee i Oslo. Om lukka står den ufjelge bi spelar dei kanskje i Bergen òg. Det får tida vise.
Førre helg tok eg ein etterlengta tur til Tigerstaden, og jammen snurre var det ikkje konsert med det trønderske ska-bandet Hopalong Knut på Rockefeller på laurdagskvelden! Ai ai ai, for ei lukke!
I platesamlingane dykkar ligg det forhåpentlegvis nokre godbitar og lurer. Låtar eller plater som du meinar andre må få høve til å høyre, helst snarast. I denne tråden håpar eg vi kan få til dette: Har du eit tips til ein godbit - ny/gammal, kjent/ukjent, album/låt, skriv det her. Kan du i tillegg kort (eller […]
Det siste albumet frå Wilco er ikkje i butikkhyllene før 15. mai, men det finst no på internett, og i mitt medvit som noko av det beste som har vore der på lenge. Det eit variert album med både enkle country-arrangement, røffe rockelåtar og lange gitarsoloar - alltid med Tweedy sin herleg tilbakelente og nosjalante […]
Inspirert av Oscar-showet som gjekk på fjernsyn forleden, såg eg i kveld Al Gore-filmen: An inconvenient truth. Den handlar om framtida til denne planeten. Veldig bra film!