Farvel Falkenberg

Fem barndomskameratar møtest i heimstaden Falkenberg, til ein sommar som nådelaust markerer overgongen til vaksenlivet. Framtida er uviss og skremmande, og sterk lut må til for å døyve smerten. Medisinen er dop og nostalgisk dveling ved fortida. Filmen syner fram feriestaden Falkenberg på heilt nydeleg vis, men det er svært mørke undertonar både i musikken og i samtalane. Vi skjøner med ein gong at dette umogeleg kan ende bra. Dialogen er sparsam, men den verkar uvanleg spontan og autentisk - det er forresten ikkje det einaste som minner om dogme her. Det heilt sentrale motivet er lengten etter dei ukompliserte oppvekståra, lengten etter gamal venskap. Debuterande regissør Jesper Ganslandt klarar på nesten eineståande vis å formidle ei truverdig nostalgisk stemning, noko som ikkje akkurat er uprøvd i svensk film. Dette er ein film eg sterkt vil tilrå folk å sjå, sjølv om den er usedvanleg vond å sjå på.

Ein kommentar

  1. jonspion
    Posted 21. mai, 2007 at 10:42 | Permalink

    Flott film, ja. Ekstremt modig mangel på tradisjonell dramaturgi. Leste i LMD at dialogen i stor grad var improvisert, og at historien om vennegjengen var delvis biografisk. En film som krever en del av seeren, men som gir tilbake i rikt monn.