The real Niggy

Det er ikkje berre Radiohead som går nye vegar for å gje ut musikken sin. Saul Williams sel siste plata si, The Rise and Fall of Niggy Tardust, via nettet for ein pris som kjøparen sjølv kan velje - også gratis. Som om ikkje dette var nok: Ein kan velje mellom tre kvalitetar 192 kbps, 320 kbps mp3 og FLAC. Sistnemnde er eit høgkvalitetsformat som komprimerer utan tap av kvalitet. Plata er produsert av Trent Reznor (Nine Inch Nails) kan kjøpast på niggytardust.com. New York Entertainment har eit interessant intervju med karane.

Sjå også