Unforgivable blackness

Jack Johnson var den klart beste boksaren i byrjinga av det tjuande århundret, lenge før Amerika var klar for ein mørkhuda tungvektsmester. I den strålande dokumentarfilmen Unforgivable blackness frå 2005, følgjer vi Johnson sine mange kampar i og utanfor ringen.

Sjølv om Johnson hadde slått ned all motstand, vart han i mange år nekta tittelkamp. At ein mørkhuda skulle vinne den mest presitisjetunge tittelen i idrett, var for mykje å risikere. Ideen om den kvite mann som overlegen på alle felt, var truga.

Johnson hadde ein personlegdom som åleine kan forsvare eit 214 minutt langt studium som her, men like interessant er det å få avdekka at rasismen var sjokkerande inngrodd og omfattande på den tida. Det var til dømes heilt vanleg å framstille mørkhuda som apekattar i kommentarar og teikningar i avisene, og forfattar Jack London og president Woodrow Wilson er berre nokre av dei som kjem med heiarop for den ariske rasen. Den siste delen av filmen viser korleis samfunnet kvitta seg med problemet Jack Johnson.

Apropos: Nobelprisvinnaren Doris Lessing uttalte nyleg om presidentkandidat Barack Obama: He would probably not last long, a black man in the position of president. They would kill him.

Sjå også

3 Kommentarar

  1. snorreb
    Posted 16. februar, 2008 at 03:23 | Permalink

    den høyres bra ut! har ikkje sett så mange dokumentarar i det siste sjølv men likte godt the ghosts of port soleil. Der kjem ein faretruande tett på ein valdeleg ungdomsgjeng i verdens farlegaste by.. må berre nevne at det strid litt mot innhaldet i innlegget ditt å kalle mr. johnsen møkhuda 🙂

  2. Posted 16. februar, 2008 at 11:34 | Permalink

    Oooops, det var ikkje meininga. Har retta det no.

  3. baardemannen
    Posted 17. februar, 2008 at 16:37 | Permalink

    Såg Ghosts of port soleil i går. Den var bra, minna litt om City of god. Såg The yes men etterpå, om to fyrar som gir seg ut for å vere representantar for WTO. Ganske fornøyeleg.